2/11/2006

Miniswap - Snikktitt



Vi har planlagt det vi skal sende avgårde til Ohio i Miniswapen til Mommycoddle. Her held Ingebjørg på med dei fyrste førebuingane til eit Oslo-spel (vi tør å skrive det her sidan dei sikkert ikkje forstår norsk...) der ein må innom dei viktige tinga; Holmenkollen, St.hanshaugen, 37-bussen, Akerselva...

For Ingebjørg er det veldig kjekt å finne på sitt eige spel, og ho har bestemte meinigar om kva som skal skje undervegs. Kanskje kan dei to mottakarane i USA lære litt om Oslo i tillegg?

Vi har litt andre planar for pakken også, men det er hemmelig!

Ingen kommentarer: