2/03/2006

Blir eg ferdig?



Målet er å bli ferdig med genseren til Iver før OL startar neste fredag.

Dette er starten på arm nummer to, så det er eit håp. ...men det vert ikkje gjort så mykje anna. Eg har nemlig lyst å gjere ferdig Temptation-jakka mi. Det får bli under OL, så eg har bestem meg for at eg ventar fire år med Strikke-OL. Eg orkar ikkje meir strikkestress. Eg skal kose meg med strikking under OL - og det gler eg meg til!

Ingen kommentarer: