8/11/2012

...og i Ravelry-butikken

Ravelry er eit internettsamfunn for dei som strikkar og heklar, og mi viktigaste kjelde til nye oppskrifter. Her er det lett å sjå korleis dei ulike mønstra vert med ulike strikkarar, og det er lett å tilpasse søket til akkurat det du har lyst å lage.

Audbjørn-lua er endeleg også på Ravelry. Eg har omsett mønsteret til engelsk og opna butikken. Norsk versjon kjem etter kvart.

Og når eg har vore gjennom mølla og blitt ein Ravelry-designar kjem det nok fleire mønster etter kvart. Mest luer, kanskje?

Inntil vidare finn du det eine mønsteret i butikken her.


2 kommentarer:

Miranne sa...

Flott lue!
Kjenner meg igjen i skildringa "gjennom mølla".
Har prøvd meg med eit vottemønster - og det freistar til fleire. Gøy å følgje med på statistikken over nedlastingar :o)

China Travel sa...

Hello have a nice day, I liked your blog!!!
visit my blog too.
http://www.chinatraveltips.net/
about China Travel Guide, China Vacation, China Tour Guide