11/01/2011

Gratulerer med dagen, Olivia!

IMG_3878.JPG

 Små nieser er ei god unskuldning til å strikke noko morosamt. Iver og eg fann denne jakka og garnet i sommar, og var heilt sikker på at den skulle Olivia få. I dag vart Olivia 2 år, så då passa det godt å få pakke i posten. Vi lagde ein liten hund som også fekk vere med å gjere den mjuke pakken litt artigare. Det har vore diskutert i familien kva denne typen hund eigentleg heiter: pølsehund, kommodehund, ovnsrør...og andre kreative framlegg. Eg kunne ikkje hugse at det eigentleg er ein dachs før etter ganske lang tid. No har dei i alle fall kome fram til Oslo og får heilt sikkert eit triveleg liv der.

IMG_3875.JPG

Ravelry-prosjekt og oppskrift.

2 kommentarer:

Judith sa...

Så morsom den var!

Fine farger også:-)

Ingrid Peolive sa...

Gleder meg til å se den på jenta! Den var veldig morsom!