9/11/2011

Valkyss

IMG_3765.JPG

I morgon er valdagen her, og i år er det litt spesielt her i heimen. Alfred står på valg, og må nok rekne med å kome inn i kommunestyret. Eg kunne ha sagt mykje om at alle bør stemme på han og slikt, men det greier han heilt fint sjølv.

Mitt valkampbidrag har vore å lære ordførarkandidaten å bake marengs. Ser veldig imponerande ut, men det einaste du treng er eggekvite, sukker og tolmod. Oppskrifta ligg her.

 Uansett kor mykje marengs, muffins, roser og valflesk politikarane sleng kring seg før valdagen er det ikkje det som tel. Det som tel er det engasjementet alle desse politikarane legg ned fordi dei bryr seg om det samfunnet vi lever i. Det er ingen av dei som ventar å få betalt i kroner og ører for alle dei timane dei legg ned, men dei har alle eit brennande ønskje om å gjere ein skilnad og gjere ting betre for oss andre.

Politikk handlar ikkje berre om å krangle, kutte, kreve eller klage. I alle kommunar og alle lokalsamfunn handlar politikk om å bli einige om dei beste løysingane. Og ofte handlar det om prioritering, og dei prioriteringane kan vere svært vanskelege når ressursane ikkje er like store som ønskjelista. Politikarane arbeider med sakene i fleire ledd, diskuterer og tenkjer før demokratiet let fleirtalet bestemme. Eit kommunestyre har mange medlemar, skal spegle kommunen dei bur i, og er like viktige alle saman. Sjølv om nokre tilhøyrer store og andre små parti, er dei ein del av den politiske prosessen.

Eg er imponert og takksam over dei som gjer denne jobben for oss andre i årevis. Iver Nordseth på Smøla har t.d. vore ordførar i 20 år før han gir seg i morgon, det står det respekt av. Og i heimkommunen min Vågsøy trur eg dei kjem til å sakne Geir Oldeide på kommunestyremøte, trass alt!

Landet er fullt av flinke folk på val i morgon, men det er ikkje plass til alle. I kveld skal eg ta meg tid til å kike på alle listene i kommunen. Alle dei som står der skal ha honnør for å ønskjer å vere med å gjere ein skilnad. Kommunen er ikkje større enn at eg vil vite kven dei er. Eg veit også at eit par namn frå andre lister vert med over på mi liste i morgon. Det er folk eg har tru på og tillit til, og gjerne vil skal få vere med å styre kommunen vår.

God val (og heia Alfred)!

3 kommentarer:

Camilla sa...

Heia Alfred:)
Godt val Magni!

marit sa...

...Og det gikk jo bra:-) Gratulerer til Alfred- og lykke til på hjemmebane også, det er ikke bare enkelt å få kabalen til å gå opp!

Villblomsten sa...

Gratulerer :-)