4/08/2011

Utvida maskinpark

IMG_1444.JPG

Overlock-maskin har stått høgt på ynskjelista i lang tid, og i dag kom den i posten. nytt verktøy er utruleg kjekt, så eg måtte bruke litt tid på å sjå om dette var så kjekt som eg hadde trudd. Ei overlock-maskin syr profesjonelle saunar, skjærer pent og zikkar over kanten i ein slen. Det er mellom anna mykje lettare å sy i stoff med litt stretch. Sånn som fløyel, fleece og t-skjortestoff.

Også går det MYKJE fortare.

IMG_1445.JPG

Fyrste prosjekt var fleecegenser til Iver, og no fekk eg endeleg brukt pingvinstoffet eg har hatt liggande sidan mars 2006. Fleece er lett å sy i, det vert stort sett bra resultat. Iver var storfornøgd med genseren. Eg fekk testa dei enklaste funksjonane på maskia, og rakk å slite tråden nokre gonger.

IMG_1457.JPG

Ingebjørg fekk seg ein kjole i løpet av kvelden. Her lagde eg mønsteret sjølv, så det er mogeleg at den må justerast litt etter kvart. No er det berre ein bitte liten pingvinstoffbit att. Eg får sove på det, så kanskje nye maskina får køyrt seg litt i morgon òg. Då skal eg dessutan trekke bokutloddninga mi.

God helg!

6 kommentarer:

Muffin sa...

Gratulerer med den fine maskinen, jeg er grønn av misunnelse. Tenk på alt det fine du kan gjøre med den! Artige pingvinklær!

Miranne sa...

Heldige du! Den er høgt på ynskjelista her også. Kos deg :o)

Solflekken sa...

Gratulerer med ny maskin! Kjempefin gensar og kjole. Gakk gakk. (Eller kva det no er pingvinar seier.) GOd helg.

Misemor sa...

Grattis! Nå blir det mye fine ting sydd på den, tenker jeg! =)

marit sa...

Så pingvinkjolen "in action" på Stad tirsdagskvelden- kjempefin:-)

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer med ny maskin! Den genseren blei veldig bra!!