4/16/2011

Påskeløper på eit blunk


Førre helg kom eg over desse fantastiske kyllingane på ein av dei lokale stoffbutikkane (Lappestua - for dei som lurer). Stoffbiten vart med ut til mamma og pappa, og vips såg mamma at det vart ein flott påskeløpar. Tilfeldigvis hadde ho den nye symaskina ståande på kjøkenet, så då var det fort gjort. Stoffet fekk ei bakside av eit gamalt gardinstoff og vart påskete og fin.

Eg rakk med andre ord ikkje å legge planar for desse kyllingane før dei vart borte, så eg må ned i gata og skaffe meg nokre nye i dag. Kanskje det vert slike posar som Strikkemor(o) har laga?

Ingen kommentarer: