Overlock-maskin har stått høgt på ynskjelista i lang tid, og i dag kom den i posten. nytt verktøy er utruleg kjekt, så eg måtte bruke litt tid på å sjå om dette var så kjekt som eg hadde trudd. Ei overlock-maskin syr profesjonelle saunar, skjærer pent og zikkar over kanten i ein slen. Det er mellom anna mykje lettare å sy i stoff med litt stretch. Sånn som fløyel, fleece og t-skjortestoff.
Også går det MYKJE fortare.
Fyrste prosjekt var fleecegenser til Iver, og no fekk eg endeleg brukt pingvinstoffet eg har hatt liggande sidan
mars 2006. Fleece er lett å sy i, det vert stort sett bra resultat. Iver var storfornøgd med genseren. Eg fekk testa dei enklaste funksjonane på maskia, og rakk å slite tråden nokre gonger.
Ingebjørg fekk seg ein kjole i løpet av kvelden. Her lagde eg mønsteret sjølv, så det er mogeleg at den må justerast litt etter kvart. No er det berre ein bitte liten pingvinstoffbit att. Eg får sove på det, så kanskje nye maskina får køyrt seg litt i morgon òg. Då skal eg dessutan trekke bokutloddninga mi.
God helg!