4/22/2011

Innpakka sjal

IMG_1368.JPG

Nøstebarnbloggen har "Kva og korleis gjer vi gåver?" som tema i april. Sjølv har eg ofte nokre glidlåspungar liggande i reserve. Dei er enkle og fine gåver både med og utan innhald.

Denne gongen trong eg noko å putte det nye sjalet mamma skulle få i. Sjalet er etter eiga oppskrift og strikka i Kid silk haze. Det skulle eigentleg vere litt større, og eg var sikker på at eg hadde to nøste i den fargen. Der eg trudde det låg fann eg berre eit rosalilla. Det vart ikkje heilt det same å halde fram i den fargen, så det var berre å felle av. (No har eg rydda, og fann sjølvsagt det andre nøstet ein heilt annan stad...)

Det vart likevel eit florlett sjal til mammaen min, og i pungen kan ho ha det lett tilgjengeleg i veska. Knappen på pungen er ein av dei eg vann i Hilde sitt blogglotteri. Hilde er ein av dei bloggarane eg har fulgt lengst, og som stadig gir meg meir inspirasjon. Ta litt tid og sjekk ut kva ho har gjort med eit gamalt dukkehus.

IMG_1365.jpgIMG_1363.JPG

Ingen kommentarer: