3/24/2011
Heilt hekla
Heilt sånn i smug har eg omsett ei heklebok til norsk. Og i dag kom ein kjempebunke bøker frå Samlaget. Dei er nok på full fart ut i butikkane òg, eller kan du få tak i den her. Det er den svenske designaren Erica Laurell som har skrive den og det kjem nok meir frå den kanten. Fargerikt og enkelt i forma. Litt retro og litt leikent. Les meir på bloggen hennar.
Det er litt rart å sjå Heilt hekla når eg har lese den svenske teksten i Väldig virkat så mnge gongar. Mi omsetting har jo berre vore ei fil på datamaskina, og no er den ei fiks ferdig bok. Uvant med norsk tekst, men eg kan venne meg til det.
Boka inneheld like mykje inspirasjon som oppskrifter. Du finn både interiøridear, kle, leikar og smykke, og dei du ikkje har lyst å hekle sjølv gir deg kanskje inspirasjon til noko heilt anna. Bakerst i boka er det hekletips, og eg har i alle fall plukka opp minst eitt.
Sidan eg ikkje treng alle desse bøkene sjølv loddar eg ut tre av dei mellom alle mine faste lesarar og dei som legg att kommentarar. Kommenter på dette innlegget innan søndag 3. april, så er du med i trekkinga. Bloggfølgjarane får eit ekstra lodd.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
24 kommentarer:
Oi! SO spennande, Magni!
Kjempe fin blogg du har:-)
stilig. kjekkt med bøker på norsk synes jeg. og artig tittel, den likte jeg. ha en flott uke videre!
Jippi, den må eg ha - med lodd eller pengar som betaling! Godt jobba!
Du verden! Gratulerer med vel overstått oversetting! Imponerende!
Gratulerer som oversetjar. Kjem nok til å kjøpe denne når eg ser den:-) -men tek gjerne imot eit lodd, og!!! Du har ein kjempefin blogg;:-)
Gratulerer:-) Så spennende oppdrag. Ekstra poeng for at den er på nynorsk.
Dette var interessant. Ser ut som ei fin bok!
Jøss, så du er dama bak den norske omsetjinga. Eg var innom Norli i dag og kika leeeenge på boka. Flotte bilder og innbydande framside.
Hei Magni! Så festleg oppdrag, gratulerer med omsetjinga. Det er no helst strikking eg driv med, men kunne tenka meg å prøva ut hekling, så eg er gjerne med på utloddinga! Elin
Ohoy! Kan jo ikke la vær å gratulere. Jeg har fulgt deg i mange år her, men dette var overraskende. (Og hvordan formidle dette uten å høres ut som en superstalker?..)
Ha en fin helg!
Ser ut som ei kul bok :) Og så så fint namn du har, då ;-) (Eg vert forvirra når andre Magnier òg skriv på nynorsk. Det er liksom meg som skal ha skrive det når det er nynorsk og frå ei Magni.)
Har lagt til bloggen din på googlen min og :)
Så artig! Og så flink du er! Det finnes jo så mange utenlandske hobbybøker, og så mange som synes de er vanskelige å lese, så dette var et godt initiativ. Hvordan kom du borti dette, ble du spurt?
Jeg krysser fingrene for de to loddene jeg da!
=)Misemor
Gratulerer med vel utført oversetterjobb, fantastisk tittel!
Den boka ser svært spanande ut. Gratulerer!
Alt du styre på med, Magni! Imponert! Får jo nesten lyst å begynde å hekle jo:)
Akkurat oppdaga bloggen din og lagt den til i rss-feeden. Supert med håndarbeidsbloggere som deler både arbeidsresultater, teknikker og videoer :)
Og hekling kan jeg ikke noe om, men har veldig lyst til å lære, så det hadde vært spennende med litt hjelp på veien.
Gratulerer med gjennomført prosjekt :) Jeg er spent på denne boken. Den virker som et "friskt pust".
Ha en fin uke.
Jeg tar ett lodd :)
Er innom her og snuser litt av og til for å bli inspirert. Digger Tonje Glimmerdallua! Den skal min egen lille snuppe få når hun blir litt større:)
Gratulere Magni! Skal sjølvsagt ha meg denne, og ser fram til ein ny karriere som (heilt)heklar:)
Her ser det ut som om det er mange flotte ideer til hus, hytte og kanskje ikke minst til barnebarn!
Oi..så flott ut! Passer den for en som er heklegrønn også? (Hekler luft- og fastmasker, men ikke stort mer =)
Mvh S
Snapper til meg eit lodd :)
Ojsann, så fin og kjekk bok! Eg er gjerne med på utloddinga. Har mykje å lære om hekling.
Melder meg mellom dei håpefulle til ei inspirativ bok - elles reknar eg med at eg finn boka på buene, eg også - og tittelen Heilt hekla er berre fin! Gratulerer!
Legg inn en kommentar