1/30/2011

Ikkje heilt vellukka

IMG_0877.JPG

Eg har sett for meg ein diger hals, sånn som alle modellane har tredd rundt halsen for tida. Flickr-inspirasjon finn du her.

Fyrst strikka eg ei flette passe langt rundt skuldrane, og ein hals vidare opp frå den. Det vart ikkje heilt som eg hadde sett for meg. God og varm, men ikkje så kul som eg har lyst på.

Så no har eg rekt opp det som er over fletta og ser om eg kan forlenge fletta og snurre den eit par gonger til rundt halsen. Vent å sjå. Det kan vere at det òg vert misslukka, men då får eg heller finne meg eit mønster.

3 kommentarer:

Judith sa...

Syns den ble tøff jeg, men venter spent på ny versjon!

Mette sa...

Må seia at det andletsuttrykket ditt seier alt om kor kul du tykkjer du er med den halsen. Herleg :-)

kvinne sa...

Veldig original. Bra idé!