1/30/2011

Findus-vottar?

IMG_0868.JPG

Desse vottane har eg hatt på pinnane sidan i sommar. Strikka av tynt handspunne villsaugarn, som eg har kjøpt i Kalvåg og kanta med den fine grønfargen i lammeull.

- Er du ikkje snart ferdig med Findus-vottane?, spurde Iver for ikkje så lenge sidan. Findus-vottar? eg forsto ingenting, men han har hailt klar på at det der måtte vere Findus-vottar sidan det var dei same fargane. Like etter sa mannen min det same, så då måtte eg ned og finne fram Findus.

Dei har heilt rett. Det er Findus-vottar.

Og då vart spørsmålet om dekor litt verre. Eg hadde tenkt å brodere ei lita selburose på kvar, men det går nok ikkje på Findus-vottar. Mamma må i tenkeboksen.

Findus har forresten vore med oss lenge. Han var den fyrste bamsen Iver fekk. Høgtidleg innkjøpt av Ingebjørg før han vart fødd. Etter kvart vart han litt utkonkurrert som favoritt av ein hund, men har alltid vore med og var lett å finne i dag.

2 kommentarer:

U9 sa...

Du kunne jo brodere en liten fisk. Kom til å tenke på historien der Findus planter en kjøttbolle i åkeren, men en brodert kjøttbolle blir kanskje i særeste laget?

BenteOO sa...

og fjeset til Findus passar vel ikkje på store gutar sine vottar? -synest ei grøn og fin åttebladrose eller selburose hadde vore vakkert!