4/24/2010

Berre ein omgang til


Nokon utprega sokkestrikkar har eg aldri vore, men eg kan nok bli. Ullsokkar strikka på pinne 2,5 er noko av det beste for fryspinnar som meg, men tidlegare forsøk har tatt veldig lang tid.

I eit anfall av strikkegalskap før jul ein gong meldte eg meg inn i "Rockin' sock club 2010", men mål om å bli ein flinkare sokkestrikkar på tynne pinnar. Så no får eg eksklusivt garn og oppskrifter frå Blue moon fiber arts anna kvar månad. Ingen veit kva som kjen før pakken ligg i postkassa, og berre medlemmer har tilgang til oppskrifter og garn det fyrste året. Eg er ikkje så opptatt av eksklusiviteten, men spenninga passar meg godt.

Mars-pakken inneholdt ein farge som passa Ingebjørg perfekt, og den eine oppskrifta fekk eg lyst til å starte på med ein gong. Etter mange dagar med intens trong til å strikke berre ein omgang til, har eg snart fullført eit heilt sokkepar. Spenninga i å sjå korleis mønsteret vert og korleis fargane skiftar er i ferd med å gjere meg til sokkestrikkar.

IMG_7755.JPG

Ingen kommentarer: