12/22/2009

22. desember



Det er på tide å pynte litt.

Eg lærte å klippe, brette og snurre papirstjerne ei jul ein gong på åttitalet. Utfordringa var å få strimlene rette og beine nok, men dette er nok den finaste julepynten eg veit. Dei kan brukst til det meste. Pakkepynt, juletrepynt, vindaugspynt, bordpynt...

No er endeleg Ingebjørg stor nok til å lære kunsten. Eg fann nokre ferdige strimlar i vene fargar hos Husfliden. Dei er litt breie og kraftige og perfekt for piapirstjernedebut. Vi kjem til å lage stjerner i staden for sånne kjedelege rydde-vaske-ting.

IMG_6568.JPG

2 kommentarer:

marit sa...

Flotte stjerner! Helt enig- mye bedre å bruke tida på stjernebretting enn rydding og vasking!

strikkegal sa...

Flotte stjerner! Ble interessert når du skrev at det var mulig å få tak på ferdige strimler, det er vanskelig å klippe perfekte strimler til stjernebretting!

Fortsatt god jul :)