3/14/2009

Pre-vår

IMG_2587.JPG

Eg har ikkje tenkt å gå Norske interiørbloggar i næringa, men medan vi ventar på meir garn eller stoff kan de få sjå nokre laurdagsdetaljar.

Vi skal reise vekk heile påska, så det vert ikkje så veldig påskepynta i år. Ein liten vårfe fekk likevel vere med heim i lag med ei potte påskeliljer.

IMG_2581.JPG

Til bursdagen min vart samlinga av raudt glas utvida litt. Medan vi ventar på kvitveisen måtte eg bruke litt kjøpeblomster. Våren kjem litt nærare for kvar dag. I dag har vi starta altansesongen med laurdagskaffi og bok ute.

Ha ein framleis god helg!

1 kommentar:

Two sa...

Håpar vårfeen er komen for å bli i kommuna vår!!Kjekt å starte med altanlivet, skulle prøve det no i dag tenkte eg, men før kaffien var klar så tok skyene over! Så då vart det blogging! Kjekt det også. God søndag!