9/18/2008

Føter

IMG_0307.JPG

For dei som kjenner meg stadfester dagens ekstravaganse berre noko dei veit frå før. Det er raudt som er min farge. Akkurat desse har eg sett i ulike dameblad som viser fram haustens støvlettar, og i dag berre sto dei der rett framfor meg.

Det var vinterstøvlar til barnehageguten som sto på handlelista, men eg måtte jo sjekke om dei passa. Støvlettar har ein lei tendens til å ikkje samsvare med leggane mine, så det var ganske risikofritt. Skulle berre vere ei stadfesting på at det ikkje var noko poeng i å ynskje seg dei der heller.

Som de ser vart leggane svært gode vener med akkurat desse støvlettane. Eg reknar med at det var på grunn av fargen. Prisen snakkar vi ikkje om.

...og ja det er skinn, Ecco og eg kan gå omtrent til månen i dei utan å få vondt i beina.

IMG_0284.JPG

Andre brukar føtene sine litt meir kreativt. Ingebjørg fekk dreisen på makrameknytinga då ho tok i bruk stortåa og tennene.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Rålekre støvletter!! Og jentungen er jammen lur.. Det gjelder å ta i bruk dei hjelpemidla som ein har *ler*

Ha ei fin helg!

Anonym sa...

Lekre støvletter. Støvletter som er venner med leggene må man bare ha.

Muffin sa...

Disse hadde jeg heller ikke klart å gå forbi. Nå vet jeg at jeg bør styre unna ecco-butikken!