5/21/2008

Handlenett i lomme

My creation

Kuriosa har arrangert ein handlenettkonkurranse på Hobbyboden, og her er mitt bidrag. Eit enkelt handlenett som kan brettast sammen i ei lita mappe. Lett å ta med i veska, eller ta med seg når ein spring fort ut døra for å nå butikken før den stenger.

Det er vel ikkje tvilom at vi ikkje treng plukke med oss så mange plastposar som vi gjer, men det er ikkje så lett å hugse å ta med seg ein pose heimanfrå eller eit stoffnett. Eg har difor laga eit nett som lett vert lite og ikkje så vanskeleg å ha i veska. Dersom eg vil er det også plass til ein ekstra plastpose eller to i lomma. Når nettet er i bruk er lomma på innsida og kan t.d. brukast til bilnøklar og slikt.

Målet for Kuriosa var at nettet ikkje skulle koste så mykje, men vere laga av materiale ein hadde frå før. Eg har sydd lommenettet av eit gamalt dynetrekk frå IKEA. Dette kosta ca 15 kroner og vart brukt som duk i bryllupet vårt. Lomma er laga av ein stoffrest eg hadde liggande. Nedanfor ser du korleis eg brettar nettet.

IMG_3714.JPG
IMG_3715.JPG
IMG_3716.JPG
IMG_3717.JPG

Du kan sjå alle bidraga i konkurransen her. No stemmer vi over vinnaren her. Det er spennande å sjå kvafor løysing folk likar.

Ingen kommentarer: