5/09/2008

Hage - kva gjer eg med det?

IMG_3631.JPG

Vi har fått hage, så eg prøva å finne ut av kva type hageperson eg eigentleg er, og korleis den der hagen skal vere. Den vakraste blomsten per 9. mai er Jonsokkoll, og den kom heilt av seg sjølv.

I utgangspunktet er eg vel meir enn gjennomslittleg interessert i å sjå at ting gror, men har relativt lite tid til å vere gartnar.

No skal det seiast at hagen ikkje er plagsomt stor, har meir en 45 gradar helling på meir enn 70 prosent av "plenen" og er dominert av ein strålande terrase på over 30 kvadratmeter. Det vert nok ikkje kjøkenhage a la Hilde.

Tilbake til drøymehagestituasjonen der eg ligg lett henslengt i ein mjuk liggestol med ei bok. Eg kjenner at solstrålane varmar over heile kroppen. Hagen ser passe både velstelt og uryddig ut, det bugnar av blomster i mange fargar litt her og de. Eg kan eg strekke meg ut etter eit perfekt jordbær frå i ei krukke på terrassen.

. . .

Det er ikkje så ofte eg får sjansen til å ligge i ro og lese i ei bok medan sola er oppe, og det jordbæret vil nok sonen min uansett ha ete før meg, men det er lov å drøyme.

IMG_3622.JPG

Teoretisk sett skal denne blomsterkassa snart bugne av blomkarse (den er til og med sjølvvatnande), men eg er litt skeptisk. Vi får sjå kva dette blir til i juni.

Dersom teorien stemmer har eg ved relativt lite arbeid fiksa litt av drøymehagen. Blomkarse er ein av dei sommerblomstrane eg likar best. Passe ruskete i veksten og veldig fargerik - også kan det etast...

Eg trur hageplanen for i år vert å gjere litt arbeid for å sleppe å gjere så mykje seinare. Ein hage som stortsett greier seg sjølv, men der vi kan sjå at ting veks og endrar seg.

IMG_3629.JPG

Her innser eg at tulipansesongen er på hell, og det ser ikkje ut som noko anna har tenkt seg opp av jorda etterpå. Eg har difor kjøpt inn stauder som blomstrar til ulik tid utover sommaren. Staudeerfaringa er mangefull, så årets haging vert eit ekspriment. Dei to grøne buskene er litt for symmetrisk for meg, men dei kan eg vel flytte på, eller...?

IMG_3630.JPG

Dei forrige hageeigarane har nok vore glad i roser, og dei blomstra veldig fint i fjor haust. Eg kunne plukke inn roser heilt til november. Vi har beskåre dei etter beste evne, men det vil vise seg korleis det utviklar seg. Eg veit jo ikkje om desse buskene er meint å bli store eller skal kuttast heilt ned kvart år.

Eg har nok ikkje funne den indre hagesjela mi heilt endå, men eg er nok interessert.

3 kommentarer:

Penelene sa...

Koselig innlegg. Jeg kjente meg så godt igjen - om litt tar jeg over en stor hage og må nok også lete etter hagesjela..

Hilde C. sa...

Med en ny hage å bo i kan det vel være spennende nok å se hva som titter opp i løpet av sesongen. Det kan jo ligge hyggelige overraskelser i vente under jorda?
Tusen takk for hyggelig bursdagshilsen :-)

Anonym sa...

Beautiful flowers!