
Eg ventar ikkje så mykje av ei ny bok om skjerf. Eit skjerf er smalt og langt og kan varierast med garn og masker, men essensen er den same: smalt og langt. Likevel er "Knitting New Scarves" av Lynne Barr den boka eg har lært mest av det siste året.
Lynne Barr har leika seg med former, pinnar og garn og laga 27 nye skjerf. Til kvart skjerf følgjer ein introduksjon som fortel kva forfattaren har tenkt. Undrande og utan avgrensingar har ho brukt kjende og ukjende teknikka på heil nye måtar. Boka inneheld mange skjerf i tre dimensjonar. Berre sjå på dette og dette.
Denne boka har eg altså lese på senga (og andre stader) fleire gongar og oppdagar framleis nye ting og nye dimensjonar. Det er ikkje berre eg som likar denne boka. Grumperina har også ein strålande kritikk.
Skjerfet på framsida er Timeglas/ Hourglass. Dette er faktisk andre gongen eg strikkar det - fyrsteutgåva vart julegåve til ei kjær veninnne. Skjerfet har vore mykje i bruk, men rakk ikkje å bli dokumentert før det forsvann i papir og band. Eg har vore misunneleg sidan desember og har endeleg fått mitt eige. I timeglas-skjerfet har designaren nytta to ulike teknikkar for å gjere skjerfet likt på begge sider. Så enkelt og elegant at du ikkje forstår kvifor du ikkje har tenkt på det sjølv.
Garnet er Cashmerino Superchunky og Cashmerino Chunky frå Debbie Bliss. Veldig mjukt garn i merinoull, microfiber og kashmir, så det passa godt til skjerf.
Eg reknar med at det kjem fleire skjerf frå meg i 2008.
Ravelry


