
Eg har nye raude tøfler! Eg har nye raude tøfler! Eg har nye raude tøfler!
(...sjå for dokke att eg hoppar rundt på bordet med nye tøfler på...)
Å gå rundt med raude varme tøfler gjer sjølvsagt ei ullelskande sjel med sansen for raude ting glad. Eg veit ikkje kva det er med raudfargen og meg, men den har alltid vore der. Eg har i periodar prøvd å roe det litt og plukke med meg nye fargar, men det går fort over...
Guro har laga eit supert mønster, så det er berre å kaste seg på bølgen. Tøflene er hekla av vel fire nøster Eskimo på heklenål nr. 8 og tova nokre gonger i vaskemaskina. Dekoren vart til undervegs. Eg hadde planar om kviteprikkar og litt flugesopp-look, men det vart berre heilt feil.
I got new red slippers! I got new red slippers! I got new red slippers!
(...imagine me dancing on the table with my new slippers om...)
For a person loving both wool and red, new red slippers are perfect. I'm not sure why I always turn to reds. It just makes me happy!
Guro made a perfect pattern for these slippers. Try it out yourself!







