9/13/2006

Sokkekrigen/ Sock Wars








Eg har meldt meg på sokkekrigen. At bloggverda byr på mykje moro visste eg, men dette er eit nytt eksperiment. Frå Yarn Monkey denne gongen. Reglane er som følgjer:
1. The first rule of Sock Wars is, you must talk about Sock Wars
2. The second rule of Sock Wars is, you MUST talk about Sock Wars.
(no really, for this to be a success we need as many combatants as possible)
3. Two socks to a fight
4. One fight at a time
5. No shirts, no shoes, just socks
6. Fights will go on as long as they have to
7. If this is your first time in Sock Wars, you have to fight
Eh...for dei som ikkje vart noko klokare trur er det fungerer slik: 22. september får eg tildelt mitt mål: ein krigar som eg skal drepe. Det gjer eg ved å strikke sokkar (etter det utdelte mønsteret som førebels er hemmeleg) så fort eg kan og sende dei til mitt mål. Denne krigaren er då ute av leiken (død) og må sende sine uferdige sokkar til meg i lag med info om hennar/ hans mål. Eg strikkar vidare på desse sokkane...

Mens dette skjer har sjølvsagt nokon fått utdelt meg som mål. Det sekundet eg har eit par ferdige sokkar i postkassa er det slutt og eg må sende dei sokkane eg held på med tilbake.

Det heile verkar ein smule kaotisk og 784 strikkarar over heile verda er påmeldt. Mange av dei har aldri strikka sokkar... Eg greidde ikkje holde meg unna, så det får gå som det går.

Arsenalet som trengs er 170 meter garn med strikkefasthet 22 m per 10 cm på pinne 3,75. Eg har noko Østlandsgarn eg trur passar, så då er det berre å lene seg tilbake og vente på informasjon om målet.

I signed up for Sock Wars. This is 784 knitters trying to kill each other with socks. Totally crazy, but I had to do it...

The battle starts at 22th og September. My arsenal is ready for a good fight.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det låter jättekul. Jag skulle ha anmält mig, om jag bara kunde sticka... Lycka till!

Anonym sa...

Wish you lots of luck! Go for it, pal!