8/17/2006

Seinsommar...

...eller skal vi seie tidleg haust?

Eg likar meg så godt i skogen om hausten og vi hadde vår fyrste "hausttur" no i helga. Ingebjørg lagde eit skikkeleg bærsmykke og vi fann ganske mykje bringebær. Alle fire fekk smake på ganske mykje anna skogsgodt òg, så frå den urbane ungen eg har kom følgjande kommentar:

- Det er nesten akkurat som å være på kafe, men så trenger vi ikke betale!


Det var påfallande mange marihøner ute på tur, men eg hadde ikkje tålmod til å få eit skikkeleg bilete. Denne marihøna syntest vi var veldig skumle og kravla i full fart for å finne ein trygg plass. Til slutt klatra ho opp i Ingebjørg sitt hår og flaug sin veg.

2 kommentarer:

MissLucy sa...

utrolig bra kommentar! Unger kan virkelig få sagt det!!

Lina sa...

Jättehärliga bilder! Jag blir sugen på bär...