8/17/2006

Barnebarnsokkar/ Grandaughter socks

Eg fall for Karen Bauer sitt gratis mønster hos Interweave Crochet i vår ein gong, og kom godt i gong då. No har sokkane lege halvferdige sidan påske (eit av problema mine er at det er kjedeleg å strikke to like ting...upraktisk når det gjeld sokkar...), før eg endeleg gjorde dei heilt ferdige denne veka.

Granddaughter socks har tre hekla bestemorsruter i skaftet. Desse syr ein saman og plukker opp masker frå før ein strikkar helen. Det ser litt avansert ut, men gjekk veldig greit. Eg har strikka i Ugle frå Opal og er kjempefornøgd. Dei sit veldig godt på og er passeleg tjukke. Mine sokkar er sjølvsagt ikkje så lekre som orginalane, men så fin merino hadde eg ikkje i garnkassa...

My Granddaughter socks from Interweave Crochet are finnished. I love the pattern and the idea of crocheted cuffs.

My socks are knitted in owl from Opal and perfect for my cold feet!

1 kommentar:

MissLucy sa...

kjempesøte sokker, så morsom ide med bestemorsruter.