6/05/2006

Back-tack 3 - #6

My back-tack 3 softie

Her er Back-Tack-kosedyret mitt fotografert før ho reiste til England. Kattejenta er klar for fest og har pynta seg så godt ho kan. I veska har ho fått med seg nokre gullperler ho kanskje kan bytte til seg litt festmat for...

Eg har brukt den basisoppskifta eg ofte brukar til kosedyr. Den kan varierast i det uendelege og gir ofte godt resultat. Alt er strikka i eitt stykke og fyllt før eg feller av. Armane vert strikka med raglanfelling for at dei ikkje skal stå rett ut og på beina feller eg til hel på for å få skikkelege føtter. Garnet denne gongen var Baby silk frå Du store alpakka. Resultatet vart mjukt og godt, men likevel stødig. Eg var litt feig med knappane og sette alle i ryggen på kjolen. Det vart ikkje noko anna som passa...

Back-tack har vore veldig kjekt. Eg har fått strekke meg litt, kost meg med alle dei andre bloggane og blitt kjent med nye folk. I tilleg er det mykje inspirasjon å hente i det at alle skal lage noko etter så strenge reglar. No gler eg meg veldig til flickrgalleriet kjem.

Here is a myBack-Tack-softie posing before her flight to England. She's a real party girl.

During the last 10 year I've knitted a lot of softies. They come to life while i knit, but I often use the same basic pattern. I did the same time, but she was not the party kitty until I knitted the ears and made the eyes. This is what really facinates me with softies. I love watching them "wake up" between my fingers.

1 kommentar:

Anonym sa...

Jeg er forelsket...