8/06/2013

Skappel på Magni-vis


Skappelgenser-feberen herja som verst i fjor haust fekk eg lyst på ein mjuk og varm genser og krype inn i. Men utan skappelkropp ville eg ha noko mindre firkanta med litt meir fasong. Då måtte eg tenke litt sjølv. Det tok tid med både strikking og tenking, men genseren vart ferdig i tide til denne hausten og vinteren. Og i dag kjennest det litt ut som om hausten er på besøk. 


Eg fall for dobbel tråd med fluffy mohair (Påfugl frå Dale) og alpakka – litt sånn moderne 80-tals. Genseren er av blir til medan du strikkar, så eg måtte prøve meg litt fram. Dei to fyrste forsøka vart for vide, og halsen spekulerte eg mykje på. Raglan er enkelt og greit, med denne mohairskya av ein genser gjorde at eg måtta ha litt opning i halsen.


Knappane er frå smykkeskrinet. Dei kjem frå Hartzgården sølvsmie og er kopiar av gamle knappar. Eg har fått desse av farmor for mange år sidan og har spart det til noko til meg sjølv. Då passar det godt at genseren er perfekt til farmor-ringen min - den ho fekk av farfar då dei forlova seg.


11/25/2012

Mia på operasjonsbordet


 Iver er gjestebloggar i dag:

MIN BAMSE  MIA MISTA ALT INNHOLDET I FOTEN.MAMMA MÅTTE SY EIN NY FOT.


Det er ikkje uvanleg at pensjonistar må på operasjonsbordet og få sett inn reservedelar. Kosehundpensjonisten Mia er i i full aktivitet, men dei mest utsette kroppsdelane har blitt litt slitte. No held dei ikkje lenger å bøte dei bitte små hola. Denne gongen måtte Mia få ny labbsåle på venstre bakfot.


Mamma fann noko mjukt stoff som likna i konsistens, men var litt mørkare. Foten vart rydda litt på innsida og fekk litt ekstra fyll før den nye sålen kom på plass med kirurgiske sting. Og så fekk pasienten kvie ut i armane til Iver.


9/13/2012

Ugler på hendene


Lilla betyr vanlegvis at eg strikkar til Ingebjørg. Ho syklar til skulen kvar dag, så varme vottar eller hanskar må til. Desse uglevottane fann eg mønster til i nettmagasinet Twist collective. Det er eit heilt nettbasert strikkemagasin som kjem ut med jamne mellomrom og har både oppskrifter og artiklar ++. 

Eg synest dette er ein spennande måte å publisere og ta betalt for innhald på internett, så dette prosjektet har eg fulgt ei stund. Sjekk det ut her. Du finn også gamle nummer der, og alle oppskriftene ligg sjølvsagt på Ravelry. Mykje god design og veldig fine bilete. Eg har kjøpt fleire oppskrifter herifrå enn eg har strikka, men så er eg veldig glad i å lese oppskrifter...