8/31/2011

Fleire luer med dusk

IMG_3717.JPG

Duskluene vart populære, så no har Iver fått han òg. Lua er sjølvsagt grøn og med mjuk svart dusk. I dag var det heldigvis for varmt for lue, men i år er eg redd for at hausten kjem fort.

Garnet er Abuelita tjukk og tynn og veldig godt og mjukt.

IMG_3720.JPG

8/24/2011

Middag under eit tre

IMG_3639.JPG

Det regna litt, men det gjorde ingenting. Iver og eg var åleine heime, så vi ville ete middagen vår ute i dag, Turen vart litt kortare enn planlagt, for vi måtte finn eit tre å sitte under. Der åt vi wraps med ost, skinke og salat og kika på regnet. Regndråpane lagde fine ringar i vatnet.
 
IMG_3647.JPG

8/23/2011

Hausten kan berre kome






Når det ikkje kan vere sommarveir kan hausten like godt kome. Duskelua til Ingebjørg er i alle fall klar.

Haust beyr at eg med godt samvet kan strikke nye huer, kle på meg ullgenser utan at folk ser rart på meg, krype under ullteppet, fyre i omnen go gå ute i kald, klar haustluft. Kanskje eg til og med kan sy ein ny ullkjole.

Duskelua er i Pickles garn (Abuelita tjukk og tynn). Mjukt og godt å strikke med, men loar litt sidan det er laust spunne. Eg skal legge ut oppskrift dersom det vert interesse for det...også må eg skaffe fleire duskar. Det er fleire som ønskjer seg duskelue.


- blogga på farten.

8/21/2011

Lilla feiring og for lita lilla lue

IMG_3622.JPG

"2011, ja det var det året mamma hadde fått tak i lilla konditorfarge til bursdagen min!" Viss ikkje det vert lillabursdag dei neste ti åra òg. Det er ganske mykje att i boksen.

IMG_3617.JPGIMG_3629.JPG

 Eg skulle altså overraske Ingebjørg med lilla glasur på muffinsen til bursdagen hennar, også tok det litt av... Lilla glasur, lilla marsipankake og ikkje minst lilla rullekake - både inni og utanpå.Veldig gøy! Det smakte godt, men eg må innrømme at det ser ganske feil ut. Burdagsbarnet var heldigvis godt nøgd med feiringa - og lillafargen!
IMG_3636.JPG

Det som ikkje var like vellukka var den lilla gåva. Haustlue med fuskepelsdusk, men den vart for lita. Sånn går det når mamma finn opp oppskrifta undervegs. Heldigvis har vi eit litt mindre søskenbarn som skal få ny lue i staden, og på rundpinnen er det allereie ei halv lue i str 11 år.

Denne lua var kjekk å strikke, så den kjem det oppskrift på etter kvart dersom nokon vil ha.

8/17/2011

Vi har planta avokadostein





Over frukost kom diskusjonen om det går an å plante avokadosteinen opp att. Vi konsulterte sjølvaste internettet og fann ut at dette er måten å gjere det.

Vask steinen og heng den halvvegs ned i vatn ved hjelp av tre tannpirkarar.

Vi trur den heng rett veg, men det vil vise seg. Vatnet skal skiftast annakvar dag.

Rapport følgjer.

- blogga på farten.

8/16/2011

Ekte ull og falsk pels





Det kom eit par pakkar i posten i dag. Mjuk merinoull frå Pickles og eit par fuskepelsduskar.

Eg har minst ein plan eller to med desse. Ein av dei bør vere klar til bursdag på fredag, så det er berre å legge opp.

- blogga på farten.

8/12/2011

Vott som ventar

IMG_3510.JPG

At nokon har mista ein så fin vott gjer vondt langt inn i strikkehjertet mitt. Heldigvis har ei venleg sjel funne den og hengt den lett synleg på næraste port. Eg har sjølv fått att vottar på denne måten.

Og kvar gong nokon kjem forbi tenkjer dei at det er synd på dei som har mista den gode varme votten sin, men den er lett og sjå så kanskje nokon kjenner den att snart. Det ser likevel ut for at akkurat denne votten kjem til å bli verande åleine.

Vi hadde ein fin ettermiddagstur på Skårhaug-setra i kveld med middag, muffins og utsikt før vi gjekk nedatt.

  IMG_3442.JPG

 Også fann vi kantarellbarn. Dei fekk stå i fred.

8/10/2011

Strikkekrise!





Ein kjapp tur til Oslo, med fleire møter og litt dautid, krev planlegging av veskeinnhaldet. Datamaskin, dei rette papira, kablar, lommebok og ikkje minst strikketøy.

Denne gongen ser det ut for at eg har tabba meg ut. Eg skulle strikka 12 cm hals, men før flytoget kom fram til Oslo S var det minst 10 cm. Kva gjer eg no? Sparar resten til flyet heim? Strikkar noko anna frå andre enden av nøstet? Kjøper nytt?

Halsen er starten på ein rundstrikka ullkjole til Ingebjørg. Garn og pinnar til mønster i tre fargar var for mykje i veska i dag, så svaret gir seg vel sjølv.

- blogga på farten.

8/06/2011

Rosevottar - godt for sjela

IMG_3417.JPG

Det har vore stilt på bloggen ei stund, og eg har eigentleg kjent meg litt stille innvendig sidan 22. juli.

Sjølv om eg ikkje er direkte råka av hendingane i Oslo og på Utøya traff han litt av meg òg. I Oslo var det litt av mine gater, dei eg gjekk i kvar dag då vi budde der, som vart sprengt, og på Utøya råka han noko av de viktigaste eg veit. Ungdom som engasjerer seg, lærer å delta i samfunnet vårt, blir kjent med andre og har det kjekt med noko dei brenn for. Mange har hatt det verre dei siste vekene, og eg er litt overraska over kor djupt det stakk hos meg òg.

Når det er litt stilt på innsida passar det godt å strikke kvite vottar. Rosene var sjølvsagte.

IMG_3414.JPG

Vottane skulle berre vere med på fjelltur for å bli fotografert i flotte omgjevnader. Det var likevel godt å ha dei når det bles og regna på toppen. Sola kika ut mellom skyene fram akkurat dei minutta etter at vi kom på toppen og kameraet var framme.