2/27/2011

VM-lue - dameversjon (med VM-rapport)

IMG_5809.JPG

VM-luene har vore i bruk. Vi fekk oppleve både gull og bronse i Holmenkollen under 15 km for kvinner laurdag. Ingebjørg si lue vart klar kvelden før, så eg rakk ikkje å legge ut oppskrift, men her kjem den om fleire vil prøve seg. Damelua kan du sjå her.

Oppskrift

Str: Dame (jente).
Garn: Iglo soft frå Europris i raudt, kvitt og blått. Anna garn kan brukast og lua vert tøyeleg.
Strikkefastheit: 11 m på 10 cm med pinne 9

Legg opp 32 (28) masker i raudt. Strikk 1 omg r, med siste maske vr.

1 rille:
1. rad: Løft av 1 m, auk 1 m i neste m, strikk r til du har 3 m att, strikk 2 m saman, strikk siste m vr.
2. rad: Løft av 1 m, strikk r til du har 1 m att, strikk siste m vr.

Hald fram på denne måten og strikk 12 (10) riller raudt, 2 riller kvitt, 4 riller blått, 2 riller kvitt og 12 (10) riller raudt.

Strikk saman med oppleggsrada og fell av, eller fell av og sy saman kantane til eit rør.

Fest trådane og snurp saman på toppen. Eg lagde kvite tette duskar inspirert av VM-luer frå 1966, men det er berre å variere. Vil du ha lua meir posete legg du opp fleire masker, men strikkar like mange riller.

IMG_5803.JPG

Vi gjekk klar t-banekaoset, men tåka kunne vi ikkje gjere noko med. Her kan du så vidt skimte Marit Bjørgen (eller er det Terese Johaug?), og det var omtrent det vi såg.

Det gjorde ikkje så mykje. Vi fekk vere med å heie, høyre speakeren, sjå på folkelivet og ikkje minst sjå fleire lure. Det var mange som hadde strikka sine eigne variantar til heile familien, så eg er ikkje så rar som ein kanskje skulle tru. De ser ein variant av den eg har på dette bilete.

Litt utpå dagen letta det litt og vi fekk med oss eit strålande gjennomført hopprenn i Midtstubakken. Der vart vi til og med intervjua av pr-avdelinga i Ski-VM. Dei hadde også funne nokre tyskarar med kuluer. Les saka her.

VM-bonus

IMG_0325.JPG

Kosedyr må også pynte seg. Her er VM-lue for litt slitte hundar.

Str: Kosehund.
Garn: Iglo soft frå Europris i raudt, kvitt og blått.
Strikkefastheit: 11 m på 10 cm med pinne 9

Legg opp 12 masker i raudt. Strikk 1 omg r, med siste maske vr.

1 rille:
1. rad: Løft av 1 m, auk 1 m i neste m, strikk r til du har 3 m att, strikk 2 m saman, strikk siste m vr.
2. rad: Løft av 1 m, strikk r til du har 1 m att, strikk siste m vr.

Hald fram på denne måten og strikk 7 riller raudt, 1 rille kvitt, 2 riller blått, 1 rille kvitt og 7 riller raudt.

Strikk saman med oppleggsrada og fell av, eller fell av og sy saman kantane til eit rør.

Fest trådane ekstra godt, snurp saman på toppen og lag dusk.

2/23/2011

VM-lue - no med juniorstorleik

IMG_1014.JPG

Eg er under hard regime og må strikke i alle ledige stunder for å få ferdig VM-antrekka (Iver: Du kan strikke når du har lunsj, mamma!). Dei offisielle VM-luene i svart, kvitt og gult passar seg ikkje heilt når vi skal i Holmenkollen, så det er berre å strikke i veg.

Iver si lue er allereie ferdig, så då er oppskrifta utvida med endå ein storleik. Eg har ein litt anna modell på pinnane til oss damene, så det kan bli fleire oppskrifter før VM er over. Det går sjølvsagt an strikke lua i andre fargar. Tippar gul variant vert fin til påske.

Oppskrift

Str: Herremodell, men passar godt til fruen òg (juniorutgåve).
Garn: Iglo soft frå Europris i raudt, kvitt og blått. Anna garn kan sikkert brukast òg. Lua vert tøyeleg.
Strikkefastheit: 11 m på 10 cm med pinne 9

Legg opp 45 (40) masker i raudt.
(løft av fyrste maske, strikk rette masker til du har ei maske att, 1 vr)
Strikk fram og tilbaken og gjenta parantesen etter rillemønsteret. Då lagar dei vrange maskene du løftar av fine kantmasker.

Strikk 8 (6) riller raudt, 2 riller kvitt, 4 riller blått, 2 riller kvitt og 8 (6) riller raudt.
Brett rektangelet til ein kvadrat og strikk eller sy saman langs stadene med raudt garn.

Strart i eine sida og plukk opp ca 50 (42) masker med raudt gjennom løkkene langs kanten nede. Strikk rettmasker fram og tilbake til du har 5 riller. Fell laust av og sy saman sidesaumen. Fest lause trådar.

For å lage den avrunda toppen har eg festa saman hjørnene inne i lua. Då held ho fasongen.

IMG_1015.JPG

Lua deltek også på VM-konkurransen hos MadeinNorwayNow. Mange fine luer, og det er lov å stemme fire gongar kvar dag.

2/20/2011

På tide med VM-lue?

IMG_1002.jpg

Sidan denne friskusen fekk VM-billettar til bursdagen måtte han ha VM-lue òg. Vi må jo vise litt att når vi skal til Holmenkollen neste helg. Denne lua er så enkel at du rekk ei hue eller to før onsdag du òg.

Oppskrift

Str: Herremodell, men passa godt til fruen òg.
Garn: Iglo soft frå Europris i raudt, kvitt og blått. Anna garn kan sikkert brukast òg. Lua vert tøyeleg.
Strikkefastheit: 11 m på 10 cm med pinne 9

Legg opp 45 masker i raudt.
(løft av fyrste maske, strikk rette masker til du har ei maske att, 1 vr)
Strikk fram og tilbaken og gjenta parantesen etter rillemønsteret. Då lagar dei vrange maskene du løftar av fine kantmasker.

Strikk 8 rillar raudt, 2 riller kvitt, 4 riller blått, 2 riller kvitt og 8 riller raudt.
Brett rektangelet til ein kvadrat og strikk eller sy saman langs stadene med raudt garn.

Strart i eine sida og plukk opp ca 50 masker med raudt gjennom løkkene langs kanten nede. Strikk rettmasker fram og tilbake til du har 5 friller. Fell laust av og sy saman sidesaumen. Fest lause trådar.

For å lage den avrunda toppen har eg festa saman hjørnene inne i lua. Då held ho fasongen.

IMG_1009.JPG

Lueeigaren Har testa VM-lua i sporet i dag og meiner den er vellukka: Den sit godt på når ein køyrer nedvover i høg fart, er mjuk og strammar ikkje.

No er det bestilt VM-luer til heile familien, så eg oppdaterer med mønsteret på barnevariant om ikkje så lenge.

2/19/2011

Brede

IMG_0982.JPG

Eller bokbind. I alle fall stofftrekk til ei lita bok.

Det er rart korleis idear og opplagde løysingar berre ramlar ned av og til. Eg har spekulert pã stofftrekk til notisbøker lenge, men ikkje heilt funne ein variant eg har vore nøgd med. Alle saumane må jo vere på innsida, og det har eg ikkje greidd å finne heilt ut av - før i dag.

IMG_0974.JPG

Målt og sikta og bretta.

IMG_0976.JPG

Snudd gjennom åpen saum på innsida av ryggen.

IMG_0978.JPG

Eg trudde eg hadde berekna litt for god plass, men det vart akkurat.

IMG_0979.JPG

Det vart som eg hadde tenkt, men sprikar litt no i starten. Det vart løyst med eit lite magebelte. Ikkje så praktisk, men kanskje litt pent.

Det er sjølvsagt mykje som kan bli betre, men eigentleg slik eg har sett det føre meg. Eg får prøve meg fram med ulike lukkemekanismar. Kanskje det ramlar ned fleire idear.

2/13/2011

Gjesteblogger Iver: Sydd elefant

IMG_0944.JPG

Denne elefanten er sydd. Vi fekk mønsteret i posten. Den har litt kort snabel. Mamma lagde ein også. Det er den med blå øyre. Det tok ganske lang tid. Eg likte best å stryke.


IMG_0939.JPG

Mønsteret er bestilt frå Heather Bailey.

2/06/2011

Silkemagi - vottar av uspunne silkefiber (wip)

IMG_0914.JPG

Det er mykje strikkeinspirasjon å hente på andre strikkebloggar. Ein av mine definitive favorittar er Stephanie Pearl-McPhee, sjølvaste The Yarn Harlot. Tidlegare i veka viste ho fram dei nye vottane sine. Strikka av Matawa/ silk hankies/ silkelommetørkle - eg her ikkje funne noko norsk ord, men det er silkekokongar som vert dratt ut på ei ramme (25 cm x 25 cm) og tørka i stablar. Du kan sjå korleis ein gjer det her.

Eg måtte berre prøve. Berre tanken på vottar strikka av lause silkefiber var uimotståeleg. Før eg hadde tenkt meg om var 100 gram silke bestilt, og no er eg i gong. Det tek sjølvsagt lenger tid når eg må lage garnet under vegs, men eg gler meg sånn til det vert ferdig. Aller helst skulle eg hatt eit strikkedøgn sånn at eg fekk sitte i ro og fred å lage silkevottar.

IMG_0916.JPG

Silkefibra er så lange at ein treng ikkje spinne dei til garn før ein strikkar. Eg løftar eit silke flak forsiktig opp, lagar eit hol i midten og dreg ut til "garnet" er passe jamt og tjukt. Til desse vottane vert kvart matawa til ca to meter silke å strikke med. Eg fann ei ok bruksanvisning hos Knitty for å lære denne teknikken. Som med det meste vert ein nok flinkare med litt trening.

Det vert sjølvsagt ikkje heilt jamt, men det gjer ikkje så mykje. Strukturen er litt av sjarmen. Desse vottane er i fleirfarga silke, men eg gler meg til å prøve eit par einsfarga òg. Då kjem fibrane verkeleg til sin rett.

Nei, no må eg strikke meir. Berre eit silkeflak til, og eitt til, og eitt til... Godt det er søndag.

2/05/2011

Meir vellukka hals

Varm i halsen

Eg har litt prestasjonsangst etter å ha proklamert at målet var ein KUL hals.

Uansett er dette mykje betre. Som å snurre eit tjukt sjal rundt halsen og sleppe å knyte. Godt og varmt og ein fin fargeklatt på mine elles ganske svarte antrekk.

Har du lyst å lage din eigen?

Strikk eit tjukt skjerf i så tjukt garn at det er litt hold i. Eg har brukt Hubro frå Dale på pinne 9.

Lag det så langt at det går to rundar litt laust kring halsen. Mitt er ca 90 cm.

Sy endane saman slika at skjerfet ikke er tvinna når du har snurra det to gongar rundt halsen. Dersom skjerfet er likt på begge sider er ikkje det så nøye, men på mitt skjerf ville eg ha framsida av fletta ut heile vegen.

Min hals er litt større enn det ser ut på bilete, men sånn vert det når ein må fotografere seg sjølv med kamera på strak arm.

Lukke til!