2/27/2011

VM-lue - dameversjon (med VM-rapport)

IMG_5809.JPG

VM-luene har vore i bruk. Vi fekk oppleve både gull og bronse i Holmenkollen under 15 km for kvinner laurdag. Ingebjørg si lue vart klar kvelden før, så eg rakk ikkje å legge ut oppskrift, men her kjem den om fleire vil prøve seg. Damelua kan du sjå her.

Oppskrift

Str: Dame (jente).
Garn: Iglo soft frå Europris i raudt, kvitt og blått. Anna garn kan brukast og lua vert tøyeleg.
Strikkefastheit: 11 m på 10 cm med pinne 9

Legg opp 32 (28) masker i raudt. Strikk 1 omg r, med siste maske vr.

1 rille:
1. rad: Løft av 1 m, auk 1 m i neste m, strikk r til du har 3 m att, strikk 2 m saman, strikk siste m vr.
2. rad: Løft av 1 m, strikk r til du har 1 m att, strikk siste m vr.

Hald fram på denne måten og strikk 12 (10) riller raudt, 2 riller kvitt, 4 riller blått, 2 riller kvitt og 12 (10) riller raudt.

Strikk saman med oppleggsrada og fell av, eller fell av og sy saman kantane til eit rør.

Fest trådane og snurp saman på toppen. Eg lagde kvite tette duskar inspirert av VM-luer frå 1966, men det er berre å variere. Vil du ha lua meir posete legg du opp fleire masker, men strikkar like mange riller.

IMG_5803.JPG

Vi gjekk klar t-banekaoset, men tåka kunne vi ikkje gjere noko med. Her kan du så vidt skimte Marit Bjørgen (eller er det Terese Johaug?), og det var omtrent det vi såg.

Det gjorde ikkje så mykje. Vi fekk vere med å heie, høyre speakeren, sjå på folkelivet og ikkje minst sjå fleire lure. Det var mange som hadde strikka sine eigne variantar til heile familien, så eg er ikkje så rar som ein kanskje skulle tru. De ser ein variant av den eg har på dette bilete.

Litt utpå dagen letta det litt og vi fekk med oss eit strålande gjennomført hopprenn i Midtstubakken. Der vart vi til og med intervjua av pr-avdelinga i Ski-VM. Dei hadde også funne nokre tyskarar med kuluer. Les saka her.

VM-bonus

IMG_0325.JPG

Kosedyr må også pynte seg. Her er VM-lue for litt slitte hundar.

Str: Kosehund.
Garn: Iglo soft frå Europris i raudt, kvitt og blått.
Strikkefastheit: 11 m på 10 cm med pinne 9

Legg opp 12 masker i raudt. Strikk 1 omg r, med siste maske vr.

1 rille:
1. rad: Løft av 1 m, auk 1 m i neste m, strikk r til du har 3 m att, strikk 2 m saman, strikk siste m vr.
2. rad: Løft av 1 m, strikk r til du har 1 m att, strikk siste m vr.

Hald fram på denne måten og strikk 7 riller raudt, 1 rille kvitt, 2 riller blått, 1 rille kvitt og 7 riller raudt.

Strikk saman med oppleggsrada og fell av, eller fell av og sy saman kantane til eit rør.

Fest trådane ekstra godt, snurp saman på toppen og lag dusk.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så flotte luer du har laget! Takk for at du deler oppskriftene med oss, jeg skal prøve å strikke noen av disse. Hildegunn.

Anonym sa...

Tusen takk for flotte ideer og opskrifter! Jeg er sykemeldt for tiden og har nå laget den første lua og skal prøve meg på damelua!
Greit med garnet fra Europris som har de rette norske fargene. Synes hekleluene som NRK sine reportere bruker har feil farger!
Vi skal i kollen til lørdag!
Hilsen Sigrun