10/29/2010

Monsterstart på skumlehelga

IMG_0020.JPG

Bursdagar krever av og til at eg brått må lage noko som nokon har tenkt at eg skulle lage. Iver skal i bursdag i dag, og i Hallowen-bursdagar må ein sjølvsagt ha monsterpresang. Lue denne gongen, og vi lurer litt på storeleiken "For han er større enn meg, mamma".

Hubro og heklekrok nr. 9 brukar å gi stødige luer som tåler både veir og vind. Eg hadde eit nøste svart og eitt nøste oransj. Det passa fint til monsterhue, men eg oppdaga litt for sent at det vart ei litt kort monsterhue. Etter grundig søk etter meir garn i mange butikkar, og ha skaffa ekstraløysing fann eg heldigvis akkurat ein passe rest svart.

Monsteret har fått refleksauge, og det er eg spent på korleis det fungerer. Kanskje det vert fleire reflekshuer.

Tappenstrek-pute

IMG_0014.JPG

Alle musikantar skulle hatt ei tappestrek-pute. Her i huset har vi to kornetistar - ein stor og ein liten. Den største spelar i Eid musikklag og dei har loddsal den veka her.

Fruen måtte stille med gevinst, så då vart det Tappenstrek-pute. Tappestrek er eit militært rosignal og på Nordfjordeid avsluttar vi 17. mai med Tappenstrek gjennom gata. Eid Musikklag vart stifta som Kjøsnesmusikken allereie i 1913. Litt meir om historia til korpset finn du her.

IMG_0003.JPG

10/23/2010

Eg har eit nytt nøste

IMG_9958.JPG

Og ein plan.

Tjukt garn som gir tydelege grove masker, er ein trend eg har tenkt å følgje opp. Det kjem nokre enkel oppskrifter på bloggen utover dei neste vekene. Dette nøstet er 25 prosent saueull frå Gotland og 75 saueull frå andre stader. I alle fall ull.

10/21/2010

Ein vinter til

IMG_9956.JPG

Heimestrikka sokkar strikka på pinne 2,5 går ikkje i bosset berre på grunn av eit hol. No er helen stoppa og sokkane klare for ein vintersesong til.

Vinteren kom litt brått på oss her. Akkurat no er det 15 cm snø ute, men eg er usikker på kr menge timar det varer. Uansett var det på tide å plukke fram vintergarderoben og gjere opp status. Vi treng ei regnjakke, to vinterjakker, eitt par vottar og eitt par cherroxar. Det er eigentleg ikkje så verst på ein heil familie.

10/20/2010

Kule julekuler

Julekule nr 1

Eller i alle fall trendy. Det er ikkje berre eg som strikkr julekuler for tida. Den ny julekuleboka frå Arne og Carlos har inspirert fleire, og det er ikkje så rart. Det nærmar seg jul, og desse kulene passar fint som både pynt og smågåver.

Ideen er enkel nok ei grunnoppskrift og 55 variantar inspirert av tradisjonelle strikkemønster. Det tok ikkje mange maskene før eg hadde spekulert ut nokre nye julekuler på eiga hand. Den neste trur eg vert stripete. Problemet for meg er nok ikkje idear, men tid til å få strikka alle.

Det kjem ikkje til å skje. Ikkje får eg lest alle bøkene som finnst og ikkje får eg strikka alt som finnst i hovudet mitt.

10/19/2010

Nye favorittar

haustsokkar

Planen om legge blogginnlegga klar i god tid rakna litt, så desse har vore ferdig ei stund. Faktisk så lenge at dei har blitt favorittsokkane mine.

God passform, fin farge, passeleg tjukke og ikkje minst vart begge sokkane ferdig på ein gong. Dette må eg nok prøve fleire gongar. Kanskje til og med på vottar?

Garnet er frå Blue Moon Fiber art, 100% superwash merino. Garet er godt tvunne og har godt hold, så dette sokkegarnet er slitesterkt og held seg godt i fasongen.

Merete har sett i gong med Nordiske føtter att, så dette er eitt av mine bidrag. Vil du sjå fleire finn du dei her.

10/07/2010

Gjestebloggar med ny pute

IMG_9859.JPG

Eg har sydd pute, det var kjempemorsomt. Mamma ga meg iden om at eg kunne lage striper.
Eg trudde putetrekke var for lite men det var akkurat passeleg. Eg syns puta vart fin og har lyst å lage fleire. ;-D

IMG_9847.JPG

Mamma har laga pute til Iver (han strøyk sjølv).
Den blei veldig fin med bilde av Barbazoo på.

IMG_9849.JPG

(Ingebjørg plukka ut alle stoffa sjølv, strauk, bestemte rekkefølge og sydde. Glidlåsen og applikering fekk ho litt hjelp til, men det er nok ikkje lenge til ho får det til sjølv.)