1/25/2010

Heller litt tidleg ute

IMG_7067.JPG

Enn å tru at eg strikkar nissar i desember. Dvs eg strikkar litt på dei, men det vert ikkje tid til å gjere nokon av dei ferdig.

Eg fekk eit anfall av strikkeapati på grunn av ca 15 påbegynte eller påtenkte planar. Medisinen er alltid å rydde i strikkekorga, og der fann eg denne karen. Han trong berre å opne augene, så var han klar. Han har stål (eller piperensarar) i bein og armer, og kan sikkert ta i eit tak mens han ventar på juletria.

Elles kan vi melde om at "Iver samlar in"-aksjonen er avslutta i dag, og i morgon vert 1111,50 kroner sett inn på kontoen til Redd Barna. Hurra for Iver og alle andre som gjer det dei kan for folket på Haiti.

IMG_7074.JPG

1/21/2010

Iver samlar inn

IMG_5332.JPG

Fyrst og fremst tusen takk for alle kommentarar og gode tankar etter farmor-innlegget mitt. Det er godt å skrive litt og rydde tankane litt i slike tider.

Ein annan som treng å rydde tankane sine for tida er Iver. Han har sett Supernytt og fått med seg mykje om jordskjelvet på Haiti. Det gjer spesielt stort inntrykk å høyre om alle ungane som har mista foreldra sine.

Iver har difor starta sin eigen innsamlingsaksjon. "Iver samlar in" står det på glaset og alle som gir får teikningar. Sjølv har han gitt ei heil vekeløn og fått storesystra til å gjere det same. Summen er torsdag kveld kome opp i 148,50 kroner og vi reknar med at det vert litt meir før han avsluttar aksjonen.

Kanskje kjem Iver på døra hos deg, men viss ikkje oppmodar vi om å støtte ein av dei andre aksjonane som held på no.

PS Mamma er innsamlingsansvarleg for Iver sin aksjon og har lova at alle pengane skal sendast til Redd Barna.

1/20/2010

Takk for strikkegleda, farmor!

IMG_7030.JPG

Ein sliten kropp gav seg i helga, og eg mista farmora mi. Vi var mange som mista ho, for etter farmor lever ein stor familie og mange veldig gode minner.

Det fyrste eg hugsar av farmor er nesten tretti år sidan. Vi reiste rett frå min fireårsdag til hennar femtiårsdag, og det var som om våre bursdagar hang saman. Ei stor feiring med mange damer eg ikkje kjente, supertanter eg kjente, kaker og meir kaker - og mange pakkar som eg fekk opne.

Ikkje lenge etter flytta vi, og eg fekk ei farmor i nabohuset. Alle skulle hatt ei farmor i nabohuset, men eg veit at eg har vore utruleg heldig og kjenner mi farmor spesielt godt. Ho var der jo alltid.

-

Det var mellom farmor sine kne eg strikka dei fyrste maskene. Det var gule masker. Ti masker fram og ti masker tilbake, mange gongar, vart til dukkegryteklutar. Farmor strikka ganske mange av dei maskene og hekla kant på, men eg kjempa så mykje med mine at det kjentest ut som om eg hadde strikka dei sjølv.

Hos farmor fekk eg prøve meg med fri tilgong på pinnar og garnrestar. Der fekk eg skryt og hjelp og gode råd. Når eg ikkje strikka eller las i strikkeoppskriftene, var det mi oppgåve å rydde i syskuffa. Syskuffa er eigentleg ein liten kommode med ei lita skuffe med bur til alle dei tinga du treng, og ei større skuffe der garnrestar og ting som ikkje vart ferdig låg. Det trong alltids litt rydding, og for meg var det heilt magisk med alle dei tinga vi brukar for å lage ting.

Kva brukar vi denne til?
Kvifor finst det sånne rare strikkepinnar med tråd mellom?
Kvifor er denne nåla så rar?
Korleis har dei laga denne knappen?
Kvifor er hekletråden så tynn
?

Farmor var tålmodig, svarte, viste meg og lot meg prøve alt eg var nysgjerrig på. Eg slutta aldri å rydde i syskuffa. Det er berre nokre få år sidan sist.

-

Hos farmor vart eg ein strikkar. Vi var strikkarar begge to og strikkarar flest er interessert i spøtet til den andre. Sjølv då eg hadde flytta heimanfrå måtte eg alltid innom farmor med spøtet når eg var heime. Ho var nysgjerrig på kva eg heldt på med akkurat no, og eg ville sjå på det siste mønsteret ho hadde funne. Eg hadde med meg andre mønster og garntypar ho aldri hadde kjent på. Men teknikkane hadde ho alltid vore borti og eg fekk med meg korleis ting vart gjort før.

Også strikka vi og prata om det meste. Helst lenge!

Dei siste åra slapp ho meg òg inn i sorga over at fingrane ikkje kunne brukast til strikking meir. Vi prøvde ulike pinnar og garn i mange variantar, og noko gjekk betre enn anna. Ho gav seg ikkje utan kamp (ikkje den dama, nei), men tilslutt la ho pinnane ned og sa ifrå: Magni, no må du berre ta med deg oppskriftene. Eg kjem ikkje til å strikke meir. Det vart for brutalt å ta med seg eit heilt stikkeliv på ein gong, så det meste står att i eit altfor tomt hus.

Eg saknar farmora mi og ho var mykje meir enn ei strikkefarmor, men for meg er den delen viktig. For kvar maske eg strikkar vil ho alltid vere litt med.

Denne veka treng eg å strikke litt ekstra.

-

PS Sjalet på bilete er noko av det siste farmor strikka før pinnane måtte leggast vekk. Eg er så heldig at det bur her hos meg.

Biletet på pungen er eit ungdomsbilete av ho og farfar.

PPS Dersom det er andre som saknar bestemødrene sine kan de ta nokre minutt og lese Aina Basso sin laurdagstekst i Sunnmørsposten.

1/16/2010

Vindmølle-kolleksjonen held fram

IMG_7019.JPG

Vindmølleinteressa har ikkje gitt seg, men denne gongen er ei av møllene frå ektemann-genseren, resirkulert og plassert på ein gamal veskemodell.

Mottakaren skal ut på tur i vindmølleteneste om ikkje så lenge, så då tenkte eg det passa godt med ny veske. Denne modellen er perfekt som ekstrautstyr på tur. Kan krøllast sammen og plukkast fram når du treng ei ekstra veske (kven gjer ikkje det?).

Det skulle forresten ikkje forundre med om det dukkar opp eit vindmølleinnlegg i morgon òg. Ha ein strålande laurdagskveld.

1/11/2010

Restjul

IMG_6900.JPG

I Oslo hentar dei juletreet ditt. Her i vest legg vi det under snøen og latar som vi ikkje ser det. Mål for veka er å pakke jula heilt vekk.

1/07/2010

Ikkje etter oppskrifta

IMG_6725.JPG

På tide med litt strikkeinnlegg att. Eg har strikka Scroll lace scarf (frå Ravelry. Flickr her) frå den siste Ysolda-samlinga, men gløymte litt å passe på at eg hadde nok garn.

Etter litt strikking og opprekking vart det difor min eigen versjon i to ulike fargar. Garnet er frå eit anna prosjekt eg måtte rekke opp, men no er eg sikker på at det har funne si endelege form. Sjalet er overlevert mamma og der får det ein god heim. Ho har hatt det på seg kvar gong eg har sett ho etter at det var ferdig.

1/05/2010

Festen er over

Festen er over

Ein haug seksåringar, mykje lego, pepperkakehus og ein del musikk er ein flott miks. Iver og gjestane frå klassa er ein god gjeng som kjenner kvarandre godt og har det kjekt i lag. Det vert kjekt å følgje dei dei neste åra.

No er vi altså ferdig med alle feiringane sånn at vi kan få litt orden på det nye året, og bloggen kan slutte å vere bursdagsblogg.

...det er kake igjen.

Det går litt sakte i 2010

IMG_6852.JPG

Det er den forkjølinga eg fekk nyttårsafta som ikkje vil gje seg, men eg kjem sterkare tilbake. No fyrst vert krftene brukt på Lego-bursdag for 11 seksåringar.

Ha ei fin veke!

1/01/2010

Godt nyttår

IMG_6825.JPG

Steikt is med rakett er ei sjølvsagt avslutning på nyttårsmiddagen for vårt bursdagsbarn.

Her er isen og bursdagsbarnet frå i forfjor og året før.

2009 var eit flott år for oss, og vi trur 2010 vert like bra. Stor nyttårsklem til alle blogglesarar!