2/15/2009

Endeleg ferdig/ Finished

IMG_2441.JPG

Eg innrømmer at det faktisk er ganske praktisk med handtak på kjøkenskåpa. Ein kan til dømes få fotografert veska som har vore vanskeleg modell i nesten ein månad.

Det er utruleg kor fort ein venner seg til mellombelse løysingar. Det er ikkje så vanskeleg å måtte opne vaskemaskina før du får opp bestikkskuffa ... og dei fleste skåp kan opnast med tåa (så lenge den ikkje er brota, men då var det jo berre å bøye seg litt:-) )

Det tok berre 17 mnd å få dette i orden, men då fekk eg jo endeleg løyst veskefoto-problemet eg har slitt med ei stund. I utgangspunktet er det vanskeleg å fotografere ei svart veske med raudt for. Ikkje vert det betre av blitslys heller. Dei nye veskekrokene...eh, handtaka, viser modellen betre. Ein tidlegare variant er blogga her.

Eg ville ha ei enkel skulderveske som akkurat er stor nok til ei mappe med papir i tillegg til dei vanlege veskesakene. I tillegg er den så lita og mjuk at den kan vere reserve-veske nedi ei litt større veske. Av ein eller annan grunn treng eg ofte det. Veska er sydd i svart kanvas og fora med ein marimekko-rest. Nedanfor ser du veska ved ei tidlegare (litt mislukka) fotografering.

I admit that it is actually quite handy with handles on kitchen mantle. One can for instance get photographed a new shoulder bag.

It is amazingly how fast you get used to temp solutions. It is not so difficult having to open the washing machine before you get to the cutlery ... and most cabinets can be opened with a toe (as long as its not broken :-))

It took only 17 months to get this right, but then I finally solved a photo-issue I've struggled with for a while. Basically, it is difficult to photograph a black bag with red lining. The new bag hooks ... eh, handles, show the model better. An earlier version of this model is blogged about here.

I wanted a simple shoulder bag, just big enough to carrie bits and pieces together with some papers. In addition I can just tuck it into another bag, just i case I need more space. I sew the bag in black canvas and lined with a Marimekko fabric. Below you can see the bag in a previous (failed) photo-shoot.


IMG_2408.JPG

2 kommentarer:

marit sa...

Stilig veske! (Og fine handtak;-))

Sorka sa...

This little peek of your kitchen makes me want to see more of it! It's looks so nice and sleek!!