12/02/2010

Det finaste hjertet

Ferdig

Her i familien deler vi på julekalenderen, og alle må ordne med gåver til alle. I dag var det min tur å pakke opp gåve frå Iver. Han var omtrent sprekkeferdig av spenning. Det hadde han god grunn til, for han hadde laga det finaste hjertet til meg.

For nokre veker sidan vart Iver og pappa veldig nøgd med at mamma skulle vere borte ei stund. Iver trong nemlig hjelp til eit prosjekt. Dei starta i Lappestua sånn at Iver fekk plukka ut det stoffet han hadde sett for seg, også fann dei nål og tråd på eiga hand. Iver tekna mønster, klipte ut, sydde og fyllte vatt. Det greidde han stortsett utan så mykje hjelp, så pappa fekk tid til å ta bilete. Her kan du sjå kor fint han arbeider.

Mamma pakkar opp

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Så flink gut!!

Unknown sa...

Han har flink formingslærar, veit du :-)

Anonym sa...

Du må vere verdens heldigast mamma!! :D