12/19/2009

19. desember



Når det vert advent brukar vi å hente fram julebøkene: Gubben og Katten og nissemaskina, Da nissen kyssa mamma og fleire. Det er så kjekt å lese dei same forteljingane oppatt kvart år. I år fekk vi ei ny favorittbok. Hilde Myklebust og Inger Lise Belsvik har skrive og illustrert boka "Jon og den lange julenatta". Den er ein ny favoritt. Iver er med som gjestebloggar og fortel kva den handlar om:

Boka handlar om ein gut som har ein hest som skal få eit føll på julenatta. Hesten heiter Tyra.

Jon han vaknar julemorgonen og det er snøv ute. Tyra skal få eit føll og Jon trur det skal kome ut i dag. Pappaen seier at han rett, for det kjem meir mjølk. Jon vil sove i stallen julenatta, og så tenker han på ting bestemora har fortalt. Han ventar i stallen heilt til føllet kjem ut.

Det er ei fin historie. Viss du lurer på kva føllet skal heite må du lese boka sjølv.



Denne er det berre å kjøpe. Passar i alle aldrar!


3 kommentarer:

Hilde sa...

Du er jammen flink å fortelje om bøker, Iver! Veldig kjekt at du likar boka. Og så kjekt å helse på deg i Aasentunet den dagen!
GOD JUL til deg og mamsen din :)

GURO sa...

Hei Iver.

Kor flink du er til å skrive. Har mamma kjøpt den boka på jobben sin? Tenk, mor di jobbar på yndlingmuseet til dottera mi. Vi er der kvar gong vi er heime i Ørsta! Ruslar rundt og snokar i bøkene til Lurivar ;)
Kanskje møter vi mor di også, neste gong vi er der... Vi må skrive til bessmor med ein gong og ønske oss den boka!
(Hei, Magfly! Tenk eg visste ikkje at du jobbar der... Men no veit eg det ;)

Helene sa...

Om de treng feire nynorske barne-julebøker kan denne anbefalast:
http://www.samlaget.no/item.cfm?id=13075
Forfattaren kjem herifrå, og historia er kjempekoselig :)