8/09/2009

JUS Å MAT

Mjuke bokstavar

No er det like før. Nesten-skuleguten skal bli skulegut og starte eit nesten heilt nytt liv: Det tenkjer han mykje på. Det er nesten så det ikkje er plass til alle tankane inne i hovudet.

Korleis er det eigentleg på skulen? Korleis skal det gå når han ikkje kan lese fyrst (...det er jo lese og skrive ein skal gjere på skulen)? Tenk om ein må på do, også har dei andre lært noko mens han var ute? Kva med alle dei venene som ikkje skal starte før om eit år? Alle andre har jo mista ei tann, berre ikkje han.

Heldigvis kan Iver telle nesten til hundre og no kan han nesten lese òg.

Vi var så heldige å vinne Lise si 25000-besøks-utloddning, og den premien var midt i blinken for nesten-skuleguten vår. Han har skrive namnet sitt, skrive ord (t.d. dei i overskrifta) og gledd seg over at BIL og PIL er nesten det samme. Han har lese mange ord som Mamma eller Ingebjørg har skrive, og laga superlange ord av typen RSKBAFTUOLMDI (som Mamma må lese).

Lise har laga ein haug bokstavar i sommar inspirert av Happy Together. Premien kom i alle fall godt til nytte her i huset, og vi skal passe på å ta dei fram utover året når bokstavane skal lærast "på skikkeleg". Tusen takk Lise!

Mjuke bokstavar

3 kommentarer:

MissLucy sa...

Nene begynner også på skolen i høst, og bekymringene er nøyaktig de samme! og bokstavøvelsene var gjenkjennelig og, bortsett fra at det går i kjøleskapsmagnetbokstaver her i huset!

Anita sa...

Tenk å ha so magne flotte bokstavar. Trur frøkna her hadde likt det, men ho er jo ikkje skulejente enda.

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette ser kjekt ut! Det må vere fint å ha ei storesøster som kan hjelpe og. Lykke til med skulestart!