3/24/2009

Brum-brum

IMG_2610.JPG

Iver skal i bursdag att, og på ønskjelista stor det teddybjørn og motorsykkel, og du kom det kjept frå Iver. - Jammen, mamma, du kan ikkje sy ein motorsykkel!

Det kan eg ikkje, så då vart det ein liten bjørn. Det passar jo godt sidan eitt av måla for 2009 er å lage fleire kosedyr. Eg hadde heilt gløymt kor kjekt det var.

Det er mykje rom for forbetring på det mønsteret her, så det vert nok nokre bamsar til etter kvart. Problemet er berre å få nok tid til å sy. Så lenge symaskina og alt pikkpakket må takast opp og ned for kvar gong er det litt meir styr og litt meir tiltak. Kanskje like greit, elles kunne det blitt litt mange vesker ...

Iver is going to a birthday party again, and the birthday boy wished for a teddy bear and a motorcycle, and Iver responded quickly: - But, mummu, you can not sew a motorcycle!

I can not, and made a small bear instead.

There is room for improvement in the pattern here, and I'll try to make more bears later. The problem is to get enough time to sew. As long as the sewing machine and everything else must be packed up and taken down each time it is a bit more difficult to fit in some sewing in between everything else.

IMG_2609.JPG

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette var ein søt bamse! Vi har sydd ein del maskotar og bamsar i 5. klasse i vinter, og det er ei populær og kjekk oppgåve! Takk for sist, forresten. Eg synest det var ein koseleg kveld hos Reidun. Det er alltid inspirerande og kjekt å kome inn på butikken hennar!

marit sa...

Så søt den var! Blir i godt humør av å se på den:-D

Anonym sa...

Så herlig bamsen var! Brum-brum :-)

Anonym sa...

Bamse-brakar!! Han er nok ein skikkeleg bra kar, han her ;)

(Eg innser at motorsykkel kan vere vanskeleg å sy, men klarer likevel ikkje sleppe tanken på kor kult det hadde vert.. å gje vekk ein heimesydd motorsykkel!)