1/01/2009

Sjølvmelding 2008 - Mål for 2009?

My creation

Her ser du nok av det eg har produsert i 2008. Eg ser at det er altfor mykje som ikkje er fotografert og blogga. Må eg skjerpe meg?

Bloggen min er meir enn tre år, og har vore gjennom mange fasar. Mykje trafikk og lite trafikk. Hyppige oppdateringar og lange bloggpausar. Engelsk og ikkje engelsk.

Etter kvart har eg fått mange faste lesarar. Eg veit at dei er der sjølv om eg ikkje merkar så mykje til dei (Hei, Britt!), og tenkjer på dei kvar gong eg trykker på publiser-knappen. Innimellom dukkar det opp nokre nye òg.

I 2008 har eg greidd å ikkje ha dårleg samvet dersom det ikkje kjem nokre blogginnlegg på ei stund. I periodar har eg prioritert heilt andre ting enn blogging (t.d. strikking), og lese mykje meir enn eg har skrive. Det er nok derfor mykje av det som er produsert ikkje har nådd fram hit. I 2009 skal eg bli flinkare å legge ut småglimt - eit bilete og ein liten tekst - utan eigentleg nokon grunn.

Den fyrste dagen i 2009 har eg slappa godt av, ete godt, strikka kring 50 masker, vore på aketur og tenkt gjennom handarbeidsmål for 2009. Ikkje å mange, men nok for meg.


Handarbeidsmål for 2009:

Kose meg
Strikke fleire kosedyr
Publisere minst eitt mønster på Ravelry

Bloggmål for 2009:
Skrive fleire småglimt

1 kommentar:

merete sa...

Skikkelig godt nytt år til deg! Som en abbonerende fast (skjult) leser, gleder jeg meg til flere småglimt Du som har så flink (stor) liten fotograf i huset, burte få fotografert både strikkeprosjekter og annet i året som kommer :-)
Flotte mål, - lykke til i 2009!