3/31/2008

IMG_3457.JPG

Eg meldte meg på "Gi det vidare" hos Bea i fjor haust, og i dag kom resultatet i posten. Fantastiske vottar. Korleis kunne du vete at eg har sikla på det mønsteret ei stund. Tusen takk, Bea!

I was rewarded with a "Pay it forward"-surprise in the mail today. Bea made me Chevalier mittens. Perfect fit!

IMG_3455.JPG

Mønsteret er Chevalier av Tikru. Sjekk ut bloggen hennar. Ho er ein av mine favorittbloggarar. Eg har veldig lyst på denne. Mønsteret kjem i Vouge Knitting til hausten.

Det passa sjølvsagt veldig bra at mine eigne "Gi det vidare"-gåver er ferdige. Ei av desse er snart på veg til aneima, men det er framleis to att. Dersom du vil ha ei lita gåve at meg er det berre å melde seg. Reglane finn du her. Kva desse posane eigentleg er vert avslørt på eit seinare tidspunkt.

IMG_3452.JPG

2 kommentarer:

Anonym sa...

Åh, så nydelige votter, for en flott gave!
Jeg er spent på hva posene dine inneholder ja... ;o)

Anonym sa...

Det var kjekt at du likte dei :)

Eg har klødd meg i hode og lurt lenge på kva eg skulle strikke, og så fann eg mønsteret til dei her, og då var det gjort ;)

Tikru sin blogg er veldig fin, er ofte innom der eg óg. Venter spent på å sjå innhaldet i posane dine :)