2/21/2006

Nettsveip #2



Frå sofaen (med kroppen full av noko som gjer meg svimmel viss eg reiser meg...) reiser eg ut på eit nytt nettsveip. Denne gongen er det morsomme mønster eg har lyst å prøve som er tema.

Sjekk ut desse dinosaurane hos Jennifer på Xtreme-Knitting. Ein dinosaur til her. Nimbus-jakka Jennifer har laga for MagKnits ser også supergod ut.

MagKnits har mykje fint i arkivet sitt; Swing-Thing, bil-lue, kid silk-topp...finn dine favorittar i arkivet!

For dei som har noko gult pelsgarn til overs er denne lille anda artig å prøve seg på.

Ellers er strikkebloggverda ganske stor. Det er umogeleg å få oversikt, og eg finn stadig nye favorittar:

Marie Flyfly strikkar alltid store og imponerande ting på tynne pinnar.
Strikker har mykje sokkeinspirasjon til det nye Opal-garnet mitt.
Helene har alltid mykje inspirerande på pinnane.

...også må dokke kike på marihøne-tøflene til Minna!

1 kommentar:

MissLucy sa...

oj, det var pent sagt! Og takk for linken til marihønetøflene, de var utrolig søte