1/20/2010

Takk for strikkegleda, farmor!

IMG_7030.JPG

Ein sliten kropp gav seg i helga, og eg mista farmora mi. Vi var mange som mista ho, for etter farmor lever ein stor familie og mange veldig gode minner.

Det fyrste eg hugsar av farmor er nesten tretti år sidan. Vi reiste rett frå min fireårsdag til hennar femtiårsdag, og det var som om våre bursdagar hang saman. Ei stor feiring med mange damer eg ikkje kjente, supertanter eg kjente, kaker og meir kaker - og mange pakkar som eg fekk opne.

Ikkje lenge etter flytta vi, og eg fekk ei farmor i nabohuset. Alle skulle hatt ei farmor i nabohuset, men eg veit at eg har vore utruleg heldig og kjenner mi farmor spesielt godt. Ho var der jo alltid.

-

Det var mellom farmor sine kne eg strikka dei fyrste maskene. Det var gule masker. Ti masker fram og ti masker tilbake, mange gongar, vart til dukkegryteklutar. Farmor strikka ganske mange av dei maskene og hekla kant på, men eg kjempa så mykje med mine at det kjentest ut som om eg hadde strikka dei sjølv.

Hos farmor fekk eg prøve meg med fri tilgong på pinnar og garnrestar. Der fekk eg skryt og hjelp og gode råd. Når eg ikkje strikka eller las i strikkeoppskriftene, var det mi oppgåve å rydde i syskuffa. Syskuffa er eigentleg ein liten kommode med ei lita skuffe med bur til alle dei tinga du treng, og ei større skuffe der garnrestar og ting som ikkje vart ferdig låg. Det trong alltids litt rydding, og for meg var det heilt magisk med alle dei tinga vi brukar for å lage ting.

Kva brukar vi denne til?
Kvifor finst det sånne rare strikkepinnar med tråd mellom?
Kvifor er denne nåla så rar?
Korleis har dei laga denne knappen?
Kvifor er hekletråden så tynn
?

Farmor var tålmodig, svarte, viste meg og lot meg prøve alt eg var nysgjerrig på. Eg slutta aldri å rydde i syskuffa. Det er berre nokre få år sidan sist.

-

Hos farmor vart eg ein strikkar. Vi var strikkarar begge to og strikkarar flest er interessert i spøtet til den andre. Sjølv då eg hadde flytta heimanfrå måtte eg alltid innom farmor med spøtet når eg var heime. Ho var nysgjerrig på kva eg heldt på med akkurat no, og eg ville sjå på det siste mønsteret ho hadde funne. Eg hadde med meg andre mønster og garntypar ho aldri hadde kjent på. Men teknikkane hadde ho alltid vore borti og eg fekk med meg korleis ting vart gjort før.

Også strikka vi og prata om det meste. Helst lenge!

Dei siste åra slapp ho meg òg inn i sorga over at fingrane ikkje kunne brukast til strikking meir. Vi prøvde ulike pinnar og garn i mange variantar, og noko gjekk betre enn anna. Ho gav seg ikkje utan kamp (ikkje den dama, nei), men tilslutt la ho pinnane ned og sa ifrå: Magni, no må du berre ta med deg oppskriftene. Eg kjem ikkje til å strikke meir. Det vart for brutalt å ta med seg eit heilt stikkeliv på ein gong, så det meste står att i eit altfor tomt hus.

Eg saknar farmora mi og ho var mykje meir enn ei strikkefarmor, men for meg er den delen viktig. For kvar maske eg strikkar vil ho alltid vere litt med.

Denne veka treng eg å strikke litt ekstra.

-

PS Sjalet på bilete er noko av det siste farmor strikka før pinnane måtte leggast vekk. Eg er så heldig at det bur her hos meg.

Biletet på pungen er eit ungdomsbilete av ho og farfar.

PPS Dersom det er andre som saknar bestemødrene sine kan de ta nokre minutt og lese Aina Basso sin laurdagstekst i Sunnmørsposten.

12 kommentarer:

Kirsti sa...

Fint å lese om deg og farmor di:-)

duBedåre sa...

Takk for et nydelig og rørende innlegg, MagFly! Jeg kjenner meg igjen i mange av minnen dine, og det gir meg en påminnelse om å vise den Mormora jeg fortsatt har igjen hva hun har betydd for meg.

Håper du finner god trøst i maskene. Og husk at så lenge vi minnes noen vi har mistet, lever de på en måte videre i de minnene. Og i oss. Og i maskene! Er ikke det en fin tanke, at Farmora de er litt med i alt du lager?

Varm klem

marit sa...

Det var en nydelig siste hilsen, jeg sitter med tårer i øynene- du kunne like godt beskrevet farmora mi...jeg savner henne fortsatt, selv om det er 12 år siden hun døde...
Håper du får strikket mange masker denne uka...

STRIKKEMOR(O) sa...

Fine ord du har skrive om farmora di.
Det er godt å ha så mange gode minner! Mormora mi døydde for to veker sidan, så eg veit godt korleis du har det no. Det blir ein del tilbakeblikk og tankar. Då er det fint å ha eit strikk i hendene.

Elisabeth Augusta sa...

Kondolerer, Magni.
Takk for at jeg fikk være med på minne-tur tilbake til håndarbeidsgledens oppdagelse.

Anonym sa...

Kjære Magni.
Tusen takk, varme klemmar og gode tankar frå ei litt tårevåt tante.
Sit og skal skrive nokre minneord om mamma mi, du hjelpte meg litt på veg. :o)

Monstermønster sa...

Kondolerer! OG gode ord.

U9 sa...

Kondolerer. Du skreiv så fint om farmora di. Godt at du har gode minner til trøst nå når ho er borte. Unni

Elin sa...

Kondolerer! Dette er vakker lesnad. Som du kanskje veit, så mista eg mor mi (og Hilde mormor si) for eit par veker sidan. Det har vorte veldig mykje tankeverksemd sidan det. Mykje kom fram att her no ved dette innlegget. Eg hugsar dei siste strikkemaskene, og kanskje den siste gongen ho sydde på symaskina si, ei maskin eg er så heldig å ha i heimen min no. Også innlegget frå avisa var vakkert. Eg har også eit lite sybord frå ei gammal tante som døydde for nokre år sidan. Veldig rart å sjå alle duppedittane som ligg i det.
Kos deg med strikkepinnane og dei gode minna!

eilys sa...

Flotte minneord du har skrevet :). Du har min dypeste medfølelse. Mange klemmer fra meg.

Hilde C. sa...

Det er leit å høre at du har mistet farmoren din. Det er fine ord du har skrevet om henne. Du var heldig som hadde henne, og hun var heldig som hadde et barnebarn som så ivrig tok del i det hun var interessert i. Det er verdifulle minner.

Miranne sa...

Så kos å lese om dei gode strikkeminna med farmora di. Eg hadde mi mormor Magni i same hus som oss, og ho var den einaste som hadde tolmod med keivhendte meg når eg ville lære å strikke og hekle. Det er henne å takke at eg er så glad i handarbeid i dag. Synd at ho ikkje rakk å få sjå at eg også lærte å veve, for det var draumen hennar. Synd også at ho ikkje opplevde å få eit fingernemt barnebarn oppkalla etter seg - dotter mi er ei Magni :o)