1/21/2010
Iver samlar inn
Fyrst og fremst tusen takk for alle kommentarar og gode tankar etter farmor-innlegget mitt. Det er godt å skrive litt og rydde tankane litt i slike tider.
Ein annan som treng å rydde tankane sine for tida er Iver. Han har sett Supernytt og fått med seg mykje om jordskjelvet på Haiti. Det gjer spesielt stort inntrykk å høyre om alle ungane som har mista foreldra sine.
Iver har difor starta sin eigen innsamlingsaksjon. "Iver samlar in" står det på glaset og alle som gir får teikningar. Sjølv har han gitt ei heil vekeløn og fått storesystra til å gjere det same. Summen er torsdag kveld kome opp i 148,50 kroner og vi reknar med at det vert litt meir før han avsluttar aksjonen.
Kanskje kjem Iver på døra hos deg, men viss ikkje oppmodar vi om å støtte ein av dei andre aksjonane som held på no.
PS Mamma er innsamlingsansvarleg for Iver sin aksjon og har lova at alle pengane skal sendast til Redd Barna.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Kjempeflott at Iver tenker på andre. Håpar han kjem på døra mi i morgo ettermiddag!
Positivt tiltak!
Det garnet du spurde om har dei hos "En rød tråd". Dei har hatt det i tre fargevariantar, men kva som er igjen no veit eg ikkje.
Legg inn en kommentar