10/31/2011

Ha ein skummelt fin dag


Litt halloween-moro må vi ha her på bloggen. Desse glasa ser veldig magiske ut og passar andre dagar enn 31. oktober òg. Trikset er å klippe over ein glødepinne (av den typen du knekk, også lyser den av seg sjølv ei stund) og riste innhaldet over i eit glas. Det sprutar litt, så vær ute eller pass på. I går regna det, så vi fann ut at effekten vert dårlegare dersom glødeveska blandar seg med vatn.

Eg fann bruksanvisninga her.


I går hadde vi skummelfest på Holmen. Det hadde regna mykje på førehand, men det gav seg heldigvis i akkurat tide. Som vanleg mykje folk, skummel mat, bål og spøkelser. Dette har blitt ein fin tradisjon, som ungane gler seg til gjennom heile året. Glimt frå tidlegare år her og her.


Mannen med ljåen var også med, men tok heldigvis ikkje nokon med seg. Dei fleste hadde kledd seg ur, så holmen var full av hekser, spøkelser, vampyrar og andre skumle skapningar. Ikkje så mange riddarar og StarWars-menn i år.


Tilslutt viser eg bilete av denne vesle heksa frå 2004. Ho brukte same kostyme i år, og har meldt frå til mammaen om at no er det for lite. Eg trur eg skal ta hintet. Heldigvis 1 år til neste gong...eller tenkte ho på nyttårsafta?

10/25/2011

"Mamma, du må lage ei bursdagsgåve..."


Av og til angrar eg litt på at ungane mine trur at eg kan trylle fram kva som helst på null tid, men det er jo kjekt at dei aller helst vil gje bort heimelaga gåver til venene sine. Denne gongen vart det eitt pennal og ein sminkepung. Modellen  fekk dei ikkje velge, men dekor og fargar skal nok passe til mottakarane.

Og for ordens skuld. Dette tek litt meir enn null tid...


Og mamma innrømmer glatt at det er kjekt å få sy litt, og no når maskina likevel er framme får eg kanskje testa nokre fleire idear?

Si hei, ver en ven!


Det er BlimE-veke hos NRK Super denn veka, og Iver har laga sitt heilt eige BlimE-band. Han har det fordi han vil vere ein god ven. Han meiner at når ein skal vere ein god ven må ein vere ærleg, snill og ikkje snakke stygt, og det er mamma heilt einig i.

Dersom du vil lage ditt eige BlimE-band og sende inn bilete til NRK Super. Iver sitt er fletta av tre ulike garntypar. Han har fletta inn eit hjerte fordi det viser at du er ein ven.

Dene veka passar det dessutan godt å sjå den heilt ferske tvserien Vaffelhjerte. Du finn episodane i nettv og litt av den fine musikken til Odd Nordstoga finn du her.



Ha ein fin dag og Si hei, vær ein ven!