5/30/2011

Nissen på lasset

IMG_2113.jpg

Dei som har fulgt med her ei stund veit at eg likar å strikke bittesmå ting, og Mochimochi Land er ein av stadane eg sveipar innom på nettet når eg treng litt inspirasjon og glede i kvardagen. I går hadde Anna lagt ut eit lite tips eg ikkje kunne oversjå: Strikka gnom-ring. Utruleg søt og veldig enkel å få til.

Etter å ha brukt den på jobb ein heil dag er erfaringa at nissen sit heilt i ro på fingeren og kikar på at eg jobbar.

IMG_2102.jpg

Gnom-nissen passa spesielt godt til den nye kjolen min. Mjuk og god sommarkjole å svinse rundt i og late som at det er varmare enn det er. Denne gongen prøvde eg eit nytt mønster, og kjolen vart alt for vid oppe på fyrste forsøk. Etter ombygginga passar den sånn omtrent og er ein ny favoritt. Det er utruleg kjekt med overlock-maskin sånn at eg kan sy i mjuke stretch-stoff.

5/29/2011

Sjølv Harry Potter brukar støvlar


Det handlar i stor grad om Harry Potter for Iver om dagen. Dersom han ikkje leikar, les bøkene eller ser film tenkjer han på trollmannsverda. Det er mykje å lure på når ein ikkje har kome lenger enn til bok tre. Mykje meir enn det mamma og pappa kan svare på sjølv om dei har lese alle bøkene. Heldigvis har vi Harry Potter-wiki. Han kan t.d lure på: "Viss professor McSnurp får barn mens hun er ein animagus? Blir det kattungar då?"

Nei, sei det...

Det er heldigvis fleire som deler Harry-interessa, så i dag har eg sydd kapper til nabogutane òg. Dei måtte prøvast både ute og inne. Eg synest det er litt morosamt at det fyrste dei to som overnatta hos oss gjorde i dag tidleg var å be om hjelp til å knyte slipset.

Kappene er klipt i svart fleece og sydd saman etter mal frå ein hettegenser. Griffing-merka er faktisk bestilt heilt frå Harry Potter-verda i Orlando, og Iver måtte ofre vekeløna nokre veker for å få det. Han har også fått seg Griffing-veske og ein slags Hedvig. Stor stas!

Hedvig er ikkje heilt vellukka i mine auge, men gutane eg godt nøgde og ho har allereie levert mykje post.

5/22/2011

Vår i beina

IMG_2034.JPG

Det var opphold mellom regnbygene i dag, og heile familien fekk seg ein sykkeltur på begge sider av elva.

Det er ekstra kjekt å vere sju år, ha vår i beina og sykle fremst gjennom bestefar sin skog.

Ha ei fin veke alle samen!

5/20/2011

Kakeblogger?

IMG_1890.JPG

Ingen planar om utstrakt kakeblogging, men akkurat denne var eg godt nøgd med - og ikkje minst fekk eg ein ide det er verdt å dele.

Kaka i seg sjølv er ikkje hokus pokus. Mørk amerikansk sjokoladekake, fluffy sjokoladesmørkrem (smør, melis, eggeplomme og sjokolade), kjøkenmaskin og sprøytepose.

Den morosame ideen er mini-roseoppsatsen. Eg tok ein liten telysestake i glas, vaska den og fylte den med oasis og roser. For å få plass til rosene på kaka grov eg ut litt kake med ei skei og trukte telysestaken oppi. Det ser mykje meir imponerand ut enn det er, og det er litt artig å levere kake med ekte roser til ein konfirmasjon.

IMG_1888.JPG

5/16/2011

Gratulerer med dagen før dagen!

IMG_1908.JPG

17. mai-innlegget er klart, så kan eg i alle fall late som at vi har kontroll i heimen.

To uniformer, ein heil bunad, ein halv bunad og ein dress i reserve skal nok pynte oss bra på grunnlovsdagen.

Den halve bunaden er vesten til Iver, som held i år òg. Det er ganske inponerande sidan han fekk den då vi gifta oss for fem år sidan. Då var han 2 og eit halvt år. Han får svart dressbukse til og var godt nøgd med det.

No skal vi berre fikse resten, også vert det 17. mai uansett. Ha ein strålande dag alle saman!

5/09/2011

Trollmann i familien

IMG_0433.jpg

Sidan eg har ein son som lever omtrent halve livet i trollmannsverda måtte eg berre stille opp og ordne garderoben. Eg har ikkje tilgang til Diagonallmenningen, så vi måtte greie oss med det vi hadde i heimen.


  • Svart bukse
  • Kvit skjorte
  • Burgunder slips (skulle hatt gule striper, men godtatt under tvil)
  • Grå v-genser (skulle også hatt striper i Griffing-fargar...)
  • Pappa sitt Harry Potter-skjerf
  • Ny kappe sydd av nokre meter svart fleece
  • Tryllestav som er spikka av nøye utvald pinne og lakka svart.
  • Ein sopelime som låg att frå Haloween


Det vart ganske bra. Nokon som har eit par briller liggande?

Eg trur til og med eg kan få han med meg til frisøren om eg lokkar med Harry Potter-sveis.

"Det blir vel for mye å farge håret mitt svart, mamma?"

IMG_0437.jpg