3/27/2011

Praktiske greier

IMG_1351.JPG

Glidlåspungar får eg aldri nok av, og dei kan lagast i både enkle og litt meir avanserte utgåver. Denne gongen trong eg noko til å passe på leidninga og musa til datamaskina.

Elles har eg eit lite vårtips. Jodie frå Ric-Rac har delt oppskrift på utruleg søte fuglar. Det er berre å ta fram symaskina og sy litt vår sidan den har gøymt seg så grundig under all snøen.

3/24/2011

Heilt hekla

IMG_1236.JPG

Heilt sånn i smug har eg omsett ei heklebok til norsk. Og i dag kom ein kjempebunke bøker frå Samlaget. Dei er nok på full fart ut i butikkane òg, eller kan du få tak i den her. Det er den svenske designaren Erica Laurell som har skrive den og det kjem nok meir frå den kanten. Fargerikt og enkelt i forma. Litt retro og litt leikent. Les meir på bloggen hennar.

IMG_1238.jpg

Det er litt rart å sjå Heilt hekla når eg har lese den svenske teksten i Väldig virkat så mnge gongar. Mi omsetting har jo berre vore ei fil på datamaskina, og no er den ei fiks ferdig bok. Uvant med norsk tekst, men eg kan venne meg til det.

IMG_1239.JPG

Boka inneheld like mykje inspirasjon som oppskrifter. Du finn både interiøridear, kle, leikar og smykke, og dei du ikkje har lyst å hekle sjølv gir deg kanskje inspirasjon til noko heilt anna. Bakerst i boka er det hekletips, og eg har i alle fall plukka opp minst eitt.

IMG_1240.JPG

Sidan eg ikkje treng alle desse bøkene sjølv loddar eg ut tre av dei mellom alle mine faste lesarar og dei som legg att kommentarar. Kommenter på dette innlegget innan søndag 3. april, så er du med i trekkinga. Bloggfølgjarane får eit ekstra lodd.

IMG_1241.JPG

3/20/2011

Nye favorittkne

IMG_1215.JPG

- Kan du lage ein brun firkanta lapp og ein rund lapp, mamma?
- Du vil ikkje heller ha eit grønt monster?

Favorittbuksa hadde altfor store hol på knea, så i dag måtte symaskina fram. Dvs eg trudde eg kunne bruke symaskina, men på sånne smale gutedongribein kjem eg ikkje til med maskina. Det vart handsydde nye vener på knea. Får sjå om vi finn noko anna å bruke symaskina til.

IMG_1210.JPG

3/12/2011

Ikkje eit skjerf

IMG_1150.JPG

Det fyrste strikkeprosjektet kan vere eit skjerf. Enkelt og greit, fram og tilbake, rette masker. For det er faktisk slik at ein må strikke mange rette masker etter kvarandre for å lære seg å strikke. Dei fyrste maskene ser ikkje like ut, og plutseleg manglar det ei maske og ein veit ikkje heilt kva ein skal gjere med det.

Problemet med skjerf er at dei må vere ganske lange for at ein kan kalle det eit skjerf, og for ferske strikkarar er dei uendeleg lange. Dei veit jo ikkje at det går fortare etter kvart.

Ingebjørg har ikkje strikka skjerf, men pulsvarmarar. Det er det fyrste strikkeprosjektet ho har fullført og strikka sjølv. Det har tatt tid, og ho strikkar mykje fastare og raskare no enn då ho starta. Å kome gjennom dette fyrste store (!) prosjektet er ein milepel, så no trur eg ho er klar til å prøve seg på litt andre ting òg.

Pulsvarmar er eit godt fyrste prosjekt for alle som vil lære å strikke eller friske opp strikkeferdigheitene. Det står ei enkel bruksanvisning basert på Ingebjørg sine pulsvarmarar nedanfor.

IMG_1153.JPG

Dei fyrste pulsvarmarane
(kan sjølvsagt også brukast til dei 58. pulsvarmarane)

Vi brukte Misti frå Du store alpakka og liten rundpinne nummer fem (då dett ikkje maskene av på den andre sida av pinnen...).

Legg opp ca 20-25 masker. Dersom du legg opp fleire vert pulsvarmarane lenger, men då også meir å strikke.

Strikk rette masker fram og tilbake. Hugs å telle at du har like mange masker før og etter ein pinne. Dersom du ikkje har det er det best å finne feilen før du held fram.

Når du kan legge lappen rundt handleddet kan du felle av. Ingebjørg har små hender og måtte strikke 18 riller. Sy sidesaumen, men la 2-3 cm vere ope til tommelhol.

Då kan du ta på den eine pulsvarmaren og bruke den medan du strikkar den neste. Lukke til!

IMG_1152.JPG

Dersom strikkaren er veldig fersk kan det vere lurt å ha nokon som strikkar ein pinne i ny og ne for at det skal gå bittelitt fortare.

3/06/2011

Emmeline treng påskehjelp

IMG_1100.JPG

Emmeline har lovt seg vekk til NRK, så no treng ho hjelp til å lage påskepynt. Les meir om prosjektet på bloggen hennar.

Eg har meldt på påskekyllingane frå i fjor, og den fyrste er allereie klar. Dersom du har lyst å lage ein strikka kylling sjølv kan du prøve oppskrifta her. Oppskrift på den hekla varianten kjem etter kvart.