1/30/2011

Findus-vottar?

IMG_0868.JPG

Desse vottane har eg hatt på pinnane sidan i sommar. Strikka av tynt handspunne villsaugarn, som eg har kjøpt i Kalvåg og kanta med den fine grønfargen i lammeull.

- Er du ikkje snart ferdig med Findus-vottane?, spurde Iver for ikkje så lenge sidan. Findus-vottar? eg forsto ingenting, men han har hailt klar på at det der måtte vere Findus-vottar sidan det var dei same fargane. Like etter sa mannen min det same, så då måtte eg ned og finne fram Findus.

Dei har heilt rett. Det er Findus-vottar.

Og då vart spørsmålet om dekor litt verre. Eg hadde tenkt å brodere ei lita selburose på kvar, men det går nok ikkje på Findus-vottar. Mamma må i tenkeboksen.

Findus har forresten vore med oss lenge. Han var den fyrste bamsen Iver fekk. Høgtidleg innkjøpt av Ingebjørg før han vart fødd. Etter kvart vart han litt utkonkurrert som favoritt av ein hund, men har alltid vore med og var lett å finne i dag.

Ikkje heilt vellukka

IMG_0877.JPG

Eg har sett for meg ein diger hals, sånn som alle modellane har tredd rundt halsen for tida. Flickr-inspirasjon finn du her.

Fyrst strikka eg ei flette passe langt rundt skuldrane, og ein hals vidare opp frå den. Det vart ikkje heilt som eg hadde sett for meg. God og varm, men ikkje så kul som eg har lyst på.

Så no har eg rekt opp det som er over fletta og ser om eg kan forlenge fletta og snurre den eit par gonger til rundt halsen. Vent å sjå. Det kan vere at det òg vert misslukka, men då får eg heller finne meg eit mønster.

1/03/2011

Pakkar ned nissen

IMG_0665.JPG

Eg rakk å fullføre denne nissen før jul, men den kom seg ikkje innom bloggen. I dag pakka vi rett og slatt ned jula, så då passa eg på å ta bilete.

EG har laga fleire slike nissar, men dei er gitt vekk alle saman. Denne skulle vi ha sjølv, men den vart liggande utan skjegg i årevis. Berre sjå her.

Godt år, Nissefar! Vi sjåast i desember.

1/01/2011

Sånne plagsomme bloggetanter utan blits

IMG_0639.JPG

Bloggetanter lagar fine luer, men når dei krever at tantebarnet stiller som modell vert det litt meir travelt. Denne tanta hadde ikkje tenkt å bruke blits heller.

"Det skjer jo noko spennande bak meg, så då kan eg ikkje så på den tullete tanta i meir enn nokre sekund."

IMG_0644.JPG

"...og det som heng på juletreet er mykje meir interessant enn å sjå rett fram."

IMG_0647.JPG

"Men der lurte ho meg og sa: Perfekt! Kva vart det som skjedde?"

Masetanta skrudde opp isoen, så då gjekk det fint.

Hua er frå tanta sine eigne mønster og har vore ei god barnehagehue for mange. Når superniesea skal byrje i barnehage må ho sjølvsagt ha utstyret i orden. Denne er strikka i den minste storleiken, og garnet er som vanleg Hubro.

IMG_0612.JPG

Det gamle året vart avslutta på vanleg vis med feiring av Iver sin bursdag. Steikt is med fyrverkeri er tradisjon og her kan du sjå bursdagsbarnet frå 2009 og 2008 og 2007.

Iver vart sju år i går, og har endeleg fått seg kjæledyr. Pinnedyra Elle og Fant vart ein del av familien. Det vert spennande å bli kjent med dei. I natt åt dei mykje eføy. Eg tippar det kjem oppdatering på småkrypbloggen snart.

IMG_0600.JPG

Godt nyttår


godt nyttår
Originally uploaded by MagFly

Vi ønskjer godt nyttår med ein heilt fersk sjuåring og eit stjerneskot!