9/27/2010

Raud og varm med stjernedryss

Raud kjole

Det vart verken strikka hals eller Snella og Petronella-knappar (sjølv om eg. fann dei) på kjolen min. Halsen er rett og slett berre bretta inn og handsydd med "usynlege" sting. Det vart passe elegant og eg eleminerte farge komplikasjonen. Det hadde sikkert blitt fint med hals i kontrastfarge, men denne gongen ville eg ha heilraudt.

Det er ikkje så lett å fotograferer raudt i utgangspunktet, men denne gongen greidde Ingebjørg-fotografen det fint trass lysmangel. Kjolen har litt lengre ermar og lenger skjørt enn dei eg har sydd før. Det vert ein skikkeleg vinterkjole med varme og energi.

Orda på skjørtet henta frå boka om Tonje Glimmerdal. Eg er så samd i at fart og sjølvtillit er det som trengs, og spør du pappaen min har eg litt av begge deler. Det er eg glad for!

Fart og sjølvtillit

Stjernene er av blodstein, og eit aldri så lite kupp frå då Kathrine rydda litt i butikken.

Så no kan hausten kome, og i kveld skal eg kle meg i ullkjole og sitje på verandaen og kike på stjernene. Vi har strålande haustveir og ekstra fin nattehimmel for tida.

9/26/2010

Raudt

Raud ull

Eg har ein nesten ferdig ullkjole. Det er berre detaljane att: hals, skrift, knappar...

Halsen skal stikkast og her kjem det fyrste problemet. Ingen av desse fargane passar heilt. Det er ikkje heilt den rette raudnyansen, og sidan raud er ein vanskeleg fotofarge vert ikkje biletet heit rett det heller. (Kjolefargen under er rettare.)

Problem nr to er at eg har forlagt dei fine Snella og Petronella-knappane. Hmmm...ein heil pose med fine ord-knappar ligg eit i ro og seiier ingenting.

under skjørtet