3/23/2010

Som bestilt

IMG_7469.JPG

Vårlua av Pickles-garnet vart akkurat som eigaren hadde bestilt, så då må eg vel vere fornøgd. Eg har ikkje så mykje att, men det skal eg strikke litt av. Må berre lage ein prøvelapp, for fyrste forsøk vart litt stort.

Og Hilde: Ja, eg trur dette er perfekt til tjukke grytelappar. Heklekrok nr 9 passa fint.

3/22/2010

Garnsnop

IMG_7459.JPG

Sjølv om ungane hoppar på trampolina i dag vil ikkje mamma heilt gå med på at lue-sesongen er over. Eg har nemlig snopa litt garn hos Pickles-jentene. Det øverste er økologisk bomullsgarn frå Peru. tjukt og godt, så det kan bli ei fin vårlue til Iver.

Pickles extra fine merino har så mange fine fargar at eg vert våryr berre av å sjå på dei. Eg har nokre planar der òg, men må nok teste litt fyrst. Gler meg!

IMG_7462.JPG

3/21/2010

Ikkje akkurat rype

Eksos-kylling

Eg innrømmer glatt at eg er litt einspora fortida, men no har eg snart brukt opp det gule nøstet.

ALfred ba pent om å få ein kylling i bilen (!). Ein ekte eksos-kylling...

3/18/2010

Dobbelt-pip

IMG_7431.JPG

Her er den litt tjukke storebroren til påskekyllingen frå måndag. Denne gongen har eg laga ei strikka variant for å sjå korleis det vart. Den vart litt tjukk, men ganske påskesøt.

Mønster for deg som vil prøve sjølv:

Kropp
Finn gult garn og pinnar som er litt tynnare enn garnet er meint for.

Legg opp 8 m på fire strømpepinnar.
Str 1 omg r.
Auk 1m i kvar maske = 16m.
Str 1 omg r.
Auk 1m i kvar maske = 32m.
Str 1 omg r.
(Str 1m auk 1 m i neste m) repeter parantesen ut omgangen = 48m.
Str 15 omg r.
(Str 4m r, str 2m saman) repeter parantesen ut omgangen = 40m.
Str 5 omg r.
(Str 3m r, str 2m saman) repeter parantesen ut omgangen = 32m.
Str 4 omg r.
(Str 2m r, str 2m saman) repeter parantesen ut omgangen = 24m.
Str 3 omg r.

Fest tråden i botn av kyllingen og fyll i vatt. Viss du vil at kyllingen skal stå støtt er det lurt å pakke inn ein liten stein i vatten for å gje tyngde i botn. Fyll opp med vatt og form kyllingen før du feller. Viss du bruker auger med bakfeste festar du dei no. Dersom du ikkje har slike auge kan du sy med svart tråd til slutt.

Str 2 og 2 m saman ut omgangen = 12m.
Str 2 og 2 m saman ut omgangen = 6m.
Klipp av tråden og trekk den gjennom maskene, snurp og fest tråden.


Kammen og nebbet er hekla i raudt garn.

Kam
Hekl 5 lm, hekl 1 stav i 3. lm frå heklekroken, 1 kjm i same m.
1 stav i neste lm, 1 kjm i same m.
1 stav i neste lm, 1 kjm i same m.

Nebb
Hekl 4 lm, lag ein bue ved å hekle 1 kjm i 1. lm.
Hekl 3 lm, lag ein bue ved å hekle 1 kjm i 1. lm.

Fest kam og nebb godt og sy evt på auge.

Lukke til!

IMG_7436.JPG

3/15/2010

Pip pip

Påskekylling 2010

Innimellom all snøen og alt det andre som skjer utanfor bloggen insisterte denne kyllingen på at eg måtte lage den i kveld.

Ein klassisk amigurumi-kylling helka utan oppskrift. Eg har lagt ein stein i botn for å få litt tyngde, og dei nye barnesikre kosedyraugene frå Etsy vart akkurat så søte som eg håpa.