8/28/2010

Postoverrasking og sokkeekspriment

To på ein gong og lesestoff

Det lage eit oppskriftshefte frå Rowan i posten då eg kom heim i går. Eg har abonnert på Rowan magazine i fleire år og kosar meg alltid lenge med dei. Det kjem to tjukke magasin kvart år fullt av inspirasjon historier og oppskrifter. Bette bileta er inspirerande sjølv om eg sjeldan strikkar noko frå desse blada. Men dette kom heilt utanom og utan forvarsel. Winter Kids inneheld 20 mønster for ungar frå 3 til 12 år.

Strikketøyet har ingenting med Rowan å gjere. Ideen om å strikke to sokkar på ein gong har sjølvsagt fascinert meg i årevis. Ein av grunnane til at eg ikkje strikkar så mykje sokkar eg jo at eg må lage to like ting rett etter kvarandre. No var alle tynne ullsokkar tynnslitne og eg hadde eit freistande Socks that rocks-nøste liggande. På tide å prøve?

Eg har kjøpt Melissa Morgan-Oakes si bok og fann ein lang rundpinne. Boka har enkle steg for steg-forklaringar, så det gjekk veldig greit. Det gjenstår sjølvsagt å sjå om eg kjem meg gjennom helane?

4 kommentarer:

Inger Lise sa...

Eg strikkar alltid to sokkar samtidig, eg. På to sett med rette pinnar og frå begge endar av garnnøstet. Sånn går det når ein skal bruke opp restegarn og må vere sikker på at stripene blir like....

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg har høyrt rykte om at du strikkar to sokkar på ein gong. Skikkeleg imponerande! Eg trur ikkje eg er klar for å prøve det enno, men kanskje ein dag... Eg blei litt nysgjerrig på desse strikkemagasina som du får i posten, så no har eg bestilt eg og. Snakk om å vere lettpåverkeleg :-D

marit sa...

Jeg strikker alltid to på en gang...ihvertfall så lenge det er bare en farge om gangen.Hælene går helt fint, det var litt plunder de første gangene, men det er egentlig veldig enkelt. Hater å strikke to like ting etter hverandre, så teknikken brukes på ermer også...

Lykke til!

rypa sa...

Impregnerande.

Eg kan ingenting om spøting, men sokkane ser fine ut og det var kjekt å snakke med deg om spøting og slikt (mest slikt, kanskje) no i Oslo lell.