10/31/2009

Følg lyktene

IMG_6144.JPG
Følg lyktene, sa vi, og mange kom. Vi veit faktisk ikkje heilt kor mange, for det var så mørkt og magisk.
IMG_6146.JPG
Ha ein skummel dag og kveld!
halloween

10/28/2009

Snart skummelt

halloween
Det er snart skummelfest hos oss.
I år vert det ute i skogen med bål, skummel mat og andre skumle saker.
halloween

10/26/2009

10/25/2009

Frå Køben




Medan Emmeline gjer Stockholm som superbloggar har eg nytt nokre dagar i Københamn i lag med ein mann som lar meg kike så lenge eg vil i Illums bolighus. Ikkje nødvendigvis for å handle, men for å sjå på fargar, mønster, folk og lamper. Nissane kjøpte eg på veg til Danmark, men dei fekk kome fram å lufte seg på hotellbadet.

På Illums kan ein mellom anna finne morosame krokar.



Eg fekk stadfesta at eg ikkje vert lei Unikko-blomar.


Det hadde vore kjekt med disse i stova (I ei litt større stove i alle fall).




På dette prøverommet prøvde eg ein kjole med fin farge, men feil fasong.
















Dette er grunnen til at eg fekk så god tid på Illums. Vi hadde ete så mykje brunsj på Cafe Norden at Alfred ikkje orka så mykje anna enn å prøve stolar.








10/21/2009

Gøyme og leite

IMG_6078.JPG

Det har vore enorme mengder sopp i skog og mark i haust. Vi har forlengst overfyllt frysebok, og skal kose oss med mange soppmiddagar utover vinteren, så no er det sopplukkestopp.

Difor fekk denne flotte kantarellen stå til nokon andre som kom forbi. Det spørs om nokon finn den, for soppen hadde gøymt seg godt.

10/19/2009

Progresjon (og snart juletriks)

IMG_6045.JPG
Det går framover med Sarah Lund-genseren, og no har eg kome litt lenger enn då eg måtte rekke opp. Pepperkakene vart med heim sjølv om det er alt for tidleg, men vi fekk så lyst på.

Boksen dei kom i har eg enkelt og greit spraya heilt raud for å fjerne alt som minner om at boksen er kjøpt i butikken. Lokket hadde eit koseleg julemusikkbilete så det fekk vere som det var.

Det vart så fint at eg er redd eg kjem til å leike med med raud prymåling fleire gonger før jul.

IMG_6047.JPG
IMG_6048.JPG
IMG_6093.JPG

10/18/2009

Vestlandske føtter

Vestlandskeføtter #1

Litt seint, men dette er mitt siste bidrag til Nordiske føtter i år. I dag fekk eg endeleg gått skikkeleg tur med dei nye støvlane. Sjølv om sola skien frå blå himmel var det heilt nødvendig med støvlar. Den rotbløyta vi hadde i september tek det ei stund å tørke opp.

Vestlandskeføtter #2

Den obligatoriske dramatiseringa av "Bukkene bruse" vart sjølvsagt gjennomført. Ingebjørg var troll denne gonge, og Iver fekk vere Den største (og skumlaste) bukkene bruse.

IMG_6079.JPG

Det er trygt og godt med raude støvlar no i jakta.

Vestlandskeføtter #3

10/11/2009

Nordiske føtter

Nordiske føtter

Eg har kjøpt nye støvlar.

Strategien var at viss eg kjøper nye støvlar sluttar det å regne sånn at eg ikkje får brukt dei. Det ser ut til å fungere heilt strålande. Eg hadde berre så vidt stukke føtene i støvlane før eg måtte leite fram vinterskoa.

Merete har sett i gong med Nordiske føtter att denne veka, så det vert vel ein sjans for støvlane òg.

10/10/2009

Kriminelt feil

IMG_5972.JPG

Sånn går det når du trur du hugsar kva pinne du brukte sist, og ikkje ein gong sjekkar fasiten (Ravelry).

Det er berre å rekke opp.

10/09/2009

Ikkje akkurat potetferie

gulrotferie 2009

Vi har haustferie, men sidan potetene er hausta vart det gulrotopptaking i staden. Iver er den store gulrotbonden og sådde fint i det nye beddet i vår. Han fekk god hjelp av ei storesyster og nokre gode vener, og resultatet vart minst tre kilo fine gulrøter. Det minka raskt, for gulrøter er best når ein har dyrka dei sjølv.

We have a few days free form school, and used some of it to harvest the carrots from the garden. They taste delicious, of course.


gulrotferie 2009gulrotferie 2009

10/07/2009

Svart katt over vegen

handlekatt


Enkle handlenett vert mykje meir spennande om du lagar sjablongdekor med "frysepapir". Det er mange bruksanvisningar på nettet om korleis du gjer dette, og mange fine sjablongar for dei som ikkje vil lage sine eigne. Eg har er litt nybyrjar, og frysepapiret bytta eg til meg frå Australia for nokre år sidan. Det har vore alt for lite brukt, men dette ser eg et eg skal leike meir med seinare.

Akkurat dette handlenettet har flytta til ein katteelskar som sikkert har nok papir å bere med seg. Det fungera fint til handling òg.

10/06/2009

Krimstrikk II/ Crime knit II

Sara Lund II

Eg er klar. 
Allereie to dagar før Sara Lund får ei ny sak i fanget er eg klar. 
Heilt sidan eg såg eit glimt av den raude Sara Lund-genseren har eg vore klar.

Det vart mykje merksemd kring den kvite og svarte genseren frå Gudrun&Gudrun i fyrste sesong av Forbrytelsen. Plagiat og ulike versjonar som likna akkurat lite nok til å vere kopi. Eg vart som mange andre, grundig forelska, men holdt meg til bileta, strikka fleire prøvelappar, og kom ut med noko som likna nok for meg.

Danske Familiejournalen har publisert eit mønster på den nye som er ganske likt, men eg kjem til å prøve meg på det same garnet som sist. Det set ut som det er litt tynnare på bilete, men eg prøver. Då kan eg også jukse litt og sjå på den gamle Forbrytelse-genseren min. Den er godt brukt, og har vore ein favoritt.


I am ready.
Ready to knit while Sara Lund solves a new case.

There was a lot of attention around the white and black sweater from
Gudrun & Gudrun, Sara Lund wore in the first season of the crime "Forbrydelsen". Now we get "Forbrydelsen II" and a new sweater.

Danish
Family Journal has published a pattern, but I'm going to try knitting it from the picture like last time. It is worn out, and has been a long time favorite.