12/20/2009

20. desember



Fjerde søndag i advent, så det var på tide å hente juletre. Sidan vi har eigen juletreskog var ikkje det noko problem. Vi kunne velge og vrake mellom bitte små, passelege og alt for store. Alle mann fann seg tre, så eg har registrert at vi manglar eitt sett lys og ein juletrefot. Det ordnar seg nok før torsdag. Pynt manglar vi ikkje.

Elles er konklusjonen at vi ikkje veit om vi har heilt kontroll på julestria. Det ordnar seg nok det òg.

Juletrehogst 2009

2 kommentarer:

strikkegal sa...

Nå begynner jammen nisseflokken å bli stor, blir mange juletrær hos dere skjønner jeg :)

eilys sa...

Flotte bilder! Og deilig med masse snø. Det er det her og.