6/14/2009

Sommar og elefant/ Summer and elephant

klematis

Det skjer så mykje utanfor datamaskina at det vert lenger mellom innlegga no, men eg er her. Innimellom alle ting som skjer før vi kan ta ferie tek eg meg tid til å ete reddik og kike på den ny ustprungne klematisen. Det var eit eksperiment, men ser førebles ut til å gå veldig bra. Flott farge!

A lot is happening and it will be longer between posts, but I'm here. In between everything I take my time to eat radish and enjoy some garden flowers. Great color!

White Elijah

I serien "MagFly testar mjølkegarn" kan eg no presentere den nye elefantvenen vår. Dei yngste i familien har bedt pent om ikkje han kan få flytte inn permanent, så no har han fått plass i stova. Elijah er eit veldig greit (og barnesikkert) mønster heilt til du sit med fire pinnar og ein heil elefant i fanget, men då var eg jo nesten ferdig.

Mjølkegarnet er mjukt og fint, men litt for tøyeleg til at det vart godt til kosedyr. Eg skal likevel prøve ein gong til med eit heilt nummer mindre pinnar. Han vart mjuk, men eg veit eigentleg ikkje om han held fasongen.

In the series "MagFly testing milk yarn" I can present our new elephant friend. The youngest in the family has asked nicely if he can move in permanently, and he will. Elijah is a great and easy pattern until you sit with four pins and a whole elephant in your lap. ...but then I was nearly finished.

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjempefin elefant! Har sett mange utgaver av denne, og dei ser så koselege ut alle saman. Særleg viss dei er fleire i lag, så du må nok strikke ein til, ja! Eg er no ferdig med sjalet som eg begynte på fredag ettermiddag. Det gjekk forbausande fort, men eg blei no litt hekta og då.... "Blondekanten" er nok det næraste eg har vore å strikke kunststrikk. Garnet fungerte veldig fint til mønsteret, og det blir nok eit av favorittgarna mine frå no av. Kunne kanskje ha tenkt meg sjalet litt større, men får sjå korleis det blir etter blokking...

Juliann sa...

Å dette var ein nydelig farge på Klematis. Eg er litt hekta på slike, har litt forskjellige i hagen min, men denne fargen har ikkje eg, så no er eg veeeldig interessert i namnet på den!